Kompetansesamling skogbruk

Dato:
17. juni 2021 09.00 - 11.00
Sted:
Teams (digitalt møte)
Arrangør:
Statsforvaltaren i Vestfold og Telemark
Målgruppe:
Skogbruksansvarlege i kommunane i Vestfold og Telemark

Statsforvaltaren inviterer kommunane i Vestfold og Telemark til et Teams-møte om aktuelle skogsaker. 

Publisert 09.06.2021

Opphavleg var planen å arrangere ei heildagssamling i Tinn den 17. juni. Tema skulle vere vegbygging, rasfare, vegvedlikehald og skogkultur. Vi håper at smittesituasjonen tillèt at vi kan ha ei slik «fysisk samling» ute til hausten. I staden for fagdag ute, inviterer vi no til eit to timar langt digitalt møte:

Tema:

  • Hogst i kantsoner. Innleiing ved Arne Christian Geving, miljøavdelinga hjå SFVT.
  • Tilskot til skogsvegar
  • Skoghygiene og bruk av skogfond
  • Borkbiller og borkbilleovervaking
  • Ekstraordinært plantetilskot og føring i ØKS
  • Open post

Det er fint om kommunane melder inn tema til open post på førehand, men det vert og mogleg å ta ordet i møtet.

Innkalling er sendt til skogansvarlege i kommunane i Outlook. Sei frå om du ynskjer å delta i møtet, men ikkje har fått innkalling.

 

Dato:
17. juni 2021 09.00 - 11.00
Sted:
Teams (digitalt møte)
Arrangør:
Statsforvaltaren i Vestfold og Telemark
Målgruppe:
Skogbruksansvarlege i kommunane i Vestfold og Telemark