Treng du verje?

Oppdatert 23.01.2024

Det å få oppnemnt ei verje vil seie at du får hjelp til å ta viktige avgjerder og at du har nokon som kan sikre interessene dine, slik at du kan fungere på lik linje med andre personar i samfunnet. Verjemål er frivillig, og du bestemmer sjølv om du vil ha verje eller ikkje. 

Personar som ikkje kan ta hand om interessene sine sjølv på grunn av skade, sjukdom eller funksjonsnedsetting, kan få hjelp av ei verje. Ei slik ordning, eit verjemål, er frivillig og tilpassa ønska og behova til den som har verje.

Eit verjemål skal ikkje vere meir omfattande enn nødvendig. Du kan få oppnemnt ei verje med avgrensa ansvar for å hjelpe deg. Hjelpa frå verja kan til dømes vere avgrensa til forhold som gjeld økonomi, eller til andre personlege forhold, til dømes i samband med heimesjukepleie og sjukeheimsplass. Verja skal høyre kva du meiner før viktige avgjerder blir tekne.

Frivillig

Vanleg verjemål er frivillig, det vil seie at du skal samtykke til at du får verje. Du skal også vere med og bestemme kva verjemålet skal gå ut på og kven som skal vere verje. Det er andre regler for personar som manglar samtykkekompetanse. Det er legen til den som har verje, eller har behov for verje, som uttalar seg om personen har samtykkekompetanse. Sjå gjerne informasjonsfilmen det er lenka til.

Søk om verje

Du kan sjølv søkje Statsforvaltaren om å få verje. Statsforvaltaren vurderer om du treng verje. Statsforvaltaren kan også opprette verjemål på eige initiativ.

Du kan søkje digitalt om å få verje til ein vaksen person. Det same skjemaet kan brukast viss det er behov for å endre eit eksisterande verjemål. Søknaden blir behandla i det fylket der personen er folkeregistrert.

Når Statsforvaltaren opprettar verjemål skal det samstundes avgjerast kor omfattande verjemålet skal vere. Verjemålet skal ikkje omfatte meir enn det personen treng hjelp til. 

Fråtaking av rettsleg handleevne

Verjemål med fråtaking av rettsleg handleevne betyr at personen har fått avgrensa høvet til å bestemme over eigen økonomi og eigne rettar. Reglane rundt dette er strenge, og det er domstolane som bestemmer om nokon skal bli fråteken si rettslege handleevne.

Fråtaking av rettsleg handleevne kan skje sjølv om personen det gjeld ikkje ønskjer det. Det er likevel mogleg å sjølv be om å bli fråteken den rettslege handleevna. Dette kan vere aktuelt viss du til dømes er alvorleg speleavhengig eller er redd for å bli utnytta av andre. Sivilrettsforvaltninga har meir informasjon om fråtaking av rettsleg handleevne.

Kjenner du nokon som treng verje?

Er du ektefelle, sambuar, forelder, barn eller søsken til ein person som treng verje, kan du sende inn en søknad om å få oppretta verjemål for vedkommande. I søknaden skal du grunngje kvifor familiemedlemmen treng verje. 

Du  kan også melde frå til Statsforvaltaren om at du kjenner nokon som treng verje sjølv om du ikkje er blant slektningane som kan søkje om å få oppretta eit verjemål. Statsforvaltaren vil da kunne hente inn informasjon som er nødvendig for å vurdere om personen treng verje.

 

Vis meir

Film om kva det betyr å ha verje

Kontakt oss

Vi har telefontid hver dag kl. 12.00-14.00.

Telefon: 62 55 10 02

E-post: sfinpost@statsforvalteren.no 

Kontaktpersoner:

Hilde Kristiansen Hauge, avdelingsdirektør

Anne Klafstad

Anne Lise O. Nyberget

Arvid Nelson

Berit Midthus

Ellen Eva Ørebech Sverdrup

Eva Østbye

Hanne Kristin Bratlie

Jorge Valdivia Jaen

Julie Emilsen

Kristina Bjørnerud Grønland

Mari Hovland

Mathilde Vedum Smestad

Marit Kolstad

Martin Narum

Nina Martinsen

Nina Nordhagen Paulsen

Raafat Faraj

Rannveig Volla

Siv Irene Helgevold

Jane Thingstadberget

Unni Steen