Øystre Slidre øvde cyberangrep

Bilete av ordførarar i Valdresregionen saman med fylkesberedskapssjefen hos Statsforvaltaren i Innlandet
Frå venstre: Ordførar i Vang - Jørand Ødegård Lunde (ordførar i Vang), Marit Hougsrud (ordførar i Sør-Aurdal), Haldor Ødegård (ordførar i Vestre Slidre), Knut Arne Fjelltun (ordførar i Nord-Aurdal), Asbjørn Lund (fylkesberedskapssjef) og Bjarne Budal (ordførar i Øystre Slidre) Foto: Lisbeth B.Huse.

Øystre Slidre fekk øvd på handtering av eit større cyberangrep frå ein truverdig trusselaktør. Naudetatane - politi, brann og helse var med i øvinga og kommunane i Valdresregionen deltok med ordførarar, kommunedirektørar og beredskapskoordinatorar. 

Publisert 21.03.2024

Øvde på Cyberangrep

20. februar øvde Øystre Slidre kommune på å handtere eit større cyberangrep mot kommunen.  I tillegg til kommunen si leiing var brannvesenet, politi, heimevernet, sivilforsvaret, Røde Kors, Griug og Vang energiverk. IKT Valdres med i øvinga. I tillegg deltok IKT Valdres pr tlf. 

Alle kommunane i Valdres var invitert til å bidra inn i øvinga for å observere og evaluere innsatsen under øvinga. Dei stilte opp med ordførarar, kommunedirektørar og beredskapskoordinatorar. 

Bortfall av straum og sabotasje mot vassverk

Kommunen si kriseleiing fekk i øvinga varsel om at Noreg var mål for eit større  cyberangrep og at dei nå hadde prøvd å kome seg inn i styringssystema til kommunen. Konsekvensen av angrepa var at straumen vart borte i store delar av kommunen.  Det førte til at kommunale tjenester slik som vatn, kloakk og helsetenester ikkje kunne fungere som vanleg.  Utfall av straum fekk også konsekvens for betalingsterminaler i matvarebutikkar og avlysing av NM på Beitostølen.  Samstundes fekk dei innbrot ved Ole vassverk og mogeleg forureining av vatnet frå dette. 

Det er særs viktig å øve på ulike hendingar slik at ein er så godt førebudd som mogeleg før ei reell hending.  Øystre Slidre handterte dette scenariet på ein god måte.

Statsforvaltaren si rolle i kriseøvingar

Statsforvaltaren skal syte for at kommunene øver kvart fjerde år. Statsforvalteren planlegg øvinga saman med kommunen, bidreg til at kommunen sett sine øvingsmål. Statsforvaltaren er også spill og mediestab og sørger for å være "omverda". Ofte så inviteres andre etatar eller bedrifter som er berørt med på øvingane.