Nasjonal tilsynsaksjon av kunstgrasbanar – alle ni kontrollar avdekka avvik

I 2022 deltok vi i ein landsomfattande tilsynsaksjon om handtering av plastholdig laust fyllmateriale på idrettsbanar. Vi gjennomførte ni tilsyn i mai-juni 2022, og avdekka avvik ved alle tilsyna.

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 23.11.2022

Tilsynsaksjonen var initiert av Miljødirektoratet og var felles for alle Statsforvaltarane i landet. Utslepp av mikroplast frå kunstgrasbanar er ei av dei største kjeldene til mikroplast i Norge. Ved å innføra dei nye reglane for alle idrettsbanar med plastholdig laust fyllmateriale (jf. Forurensningsforskrifra kapittel 23A) meiner man at utsleppa vil bli vesentleg mindre. Hovudmålet for aksjonen var at eigarar og dei som er ansvarlege for drift og vedlikehald av idrettsbanar, kjenner til og fylgjer dei nye krava.

I innlandet gjennomførte vi tilsyn i ni kommunar med kommunalt eigde og drifta kunstgrasbanar, samt eit idrettsanlegg: Elverum, Gausdal, Gjøvik, Hamar, Kongsvinger, Lillehammer, Løten, Nord-Fron, Søndre Land og Raufoss IL Fotball.

Resultat i Innlandet

Etter gjennomført tilsyn blei resultata samanfatta og funn definert som avvik eller merknader i tilsynsrapportar. Det bli gjort funn definert som avvik ved alle tilsyn. Resultata frå aksjonen i Innlandet reflekterer i stor grad funna nasjonalt og resultantane viser at det er ei betydeleg risiko for forureining av gummigranulat frå idrettsbanar i Norge. Dette fordi mange ikkje oppfyller krava til å hindre spreiing av gummigranulat frå brukarar av banane. Av alle dei kontrollerte kommunane og idrettslaga nasjonalt, har over 70 % mangelfull informasjon til brukarane av banen om risiko for spreiing og tiltak for å hindre spreiing.

Mange tå kommunane og idrettslaga har starta arbeidet med tiltak for å oppfylle krava, men forskrifta er ny og tiltaka kan ha store økonomiske kostnader og alle tiltak er difor ikkje fullført enda.

For ein meir heilskapleg oppsummering av den nasjonale tilsynsaksjonen kan ei lesa nyheitssaka hos Miljødirektoratet frå 14.november 2022 og rapporten utarbeida av Miljødirektoratet.

Oppfylging

Kommunane har fått frist til å gje tilbakemeldingar på avvik og merknadar. Statsforvaltaren vil ha videre dialog med aktuelle kommunar om lukking av avvik.