Løyve til produksjon ved ARBA ONE AS i Eidskog kommune

Fylkesmannen har 20.10.2020 gjeve løyve til ARBA ONE AS etter forureiningslova. Dette gjeld produksjon av svartpellets på Matrand i Eidskog kommune. Vedtak og vilkår kan påklagst til Miljødirektoratet innan 3 veker. 

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 23.10.2020 av Administrator

Bedrifta kan produsere inntil 70 000 tonn svartpellets årleg. Dette er pellets framstilt av trevyrke ved ein ny metode som gjev ein hardare og meir energirik pelletstype enn vanleg trepellets. Svartpellets vil kunne brukast mellom anna til erstatning for kol i kolkraftverk.

På denne staden på Matrand har det tidlegare vore eit anlegg for produksjon av vanleg kvit trepellets, hjå Grasmo AS. 

Produksjonen ved det nye anlegget til Arba One AS vil gje utslepp av mellom anna støv til luft, og noko organisk innhald i vatn.  Utsleppa skal reinsast, og det skal gjerast målingar av utsleppa. Prosessvatnet går etter reinsing til infiltrasjonsdam på staden. Bedrifta skal også kartleggje kva verknad utslepp av vatn til grunnen kan ha i grunnvatn og vassdrag.  

Det er på førehand undersøkt korleis grunnvatnet strøymer i grunnen i området. Spreiing av forureining til luft er også vurdert i samsvar med gjeldande rettleiing om dette, slik at ein har tilfredsstillande skorsteinshøgde. Støy frå anlegget skal kartleggjast innan 1. juli 2021.

Det krevst årleg rapportering til Fylkesmannen om produksjon og utslepp. 

Sjå meir informasjon i dei vedlagde dokumenta, brev frå Fylkesmannen og løyve med miljøkrav.

Vedtak og vilkår kan påklagast av partar i saka og andre med rettsleg klageinteresse innan 3 veker. Miljødirektoratet er klageinstans.