Tilskot til avløysing ved sjukdom og fødsel mv.

Ku

Tilskot til avløysing ved sjukdom og fødsel har som formål å bidra til å dekke kostnader til avløysing ved:

  • Eigen sjukdom
  • Barns sjukdom
  • Svangerskap og fødsel
  • Adopsjon eller overtaking av omsorg
  • Dødsfall (gjeld gardbrukar og ektefelle som oppfyller krav til næringsinntekt)
Publisert 05.10.2020, Sist endra 01.02.2023

Krav til søkar

For å få tilskot må den avløyste oppfylle krav til næringsinntekt. Meir informasjon om krav står i forskriften for dette tilskotet. 

Søkar er ansvarleg for at opplysningane i søknaden er riktige og at søknaden blir levert innan søknadsfristen. Det gjeld også sjølv om avløyserlaget hjelper til med søknaden. Feil opplysningar kan føre til avkorting i tilskotet.

Søknadsfrist

Søknadsfristen er eitt år etter siste dag som du vil søke tilskot for. Om du til dømes er sjukmeldt til og med 15. mars i 2022, blir søknadsfristen 15. mars 2023.

Korleis søke

Det går an å søke elektronisk via Altinn, eller på papir. Utbetaling skjer fortløpande. Det er kommunen som gjer vedtak.

Klage på vedtak

Statsforvalteren er klageinstans for vedtak som kommunen har gjort. Landbruksdirektoratet og Statforvalteren kan i spesielle høve gje dispensasjon frå vilkåra i regelverket. Landbruksdirektoratet er klageinstans for vedtak gjort av Statsforvalteren.

Har du spørsmål?

Meir informasjon om tilskot til avløysing ved sjukdom og fødsel finn du hos Landbruksdirektoratet. Du kan også ta kontakt med kommunen din.

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.