Stølsvidda UKL

Stølsvidda i Vestre Slidre og Nord-Aurdal vart eit utvald kulturlandskap i 2018. Det er eit samanhengande «viddeområde» der stølane stort sett ligg samla i konsentrerte stølsgrender, spreidde nokså jamnt utover. Området har stor opplevingsverdi og er eit mye brukt friluftsområde for lokalbefolkning, hytteeigarar og tilreisande. Det er nær 570 stølar i området, og det er tradisjonell drift med mjølkeproduksjon på nesten 50 av desse. Det meste av jordbruksarealet er i aktiv drift, og det blir slept mye storfe og småfe på beite i utmarka.

Det er Vestre Slidre kommune som forvaltar tilskottsordninga for det utvalde kulturlandskapet på vegner av dei to kommunane som området ligg i.

Stølsvidda omfattar areala til Ulnes og Svennes sameiger i Nord-Aurdal og Vestre Slidre statsallmenning. Området er på 348 km2, og av dette er 13,5 km2 jordbruksareal.

Jordsmonnet er dominert av næringsrik fyllitt og glimmerskifer, som gir ein rik vegetasjon og gode jordbruksareal. I utmarka og på stølsvollar som blir drive mindre intensivt er det ein artsrik vegetasjon som er avhengig av at landskapet blir halde ope av beitebruk og slått. Området har og store våtmarkskompleks som saman med det opne beitelandskapet gir ein uvanleg høg tetthet av fugl, spesielt vannfuglar.

Stølslaga med hus, inngjerda stølsjorde og beiteområde omkring dannar eit kulturlandskap som er karakteristisk for stølsområda i store delar av Valdres. Sjølv om dei fleste stølane ikkje blir drivne på tradisjonell måte, er stølslandskapet fortsatt godt "lesbart". Stølsdrifta i dette området har fleire hundre år gamle tradisjonar, men det har nok vore størst aktivitet på 1700- og 1800-tallet.


25.08.2020

Markdag i Murkelie - korleis ta vare på utmarksbeita?

Om lag tretti personar såg på ulike typar beitevegetasjon og kva ein kan gjera med attgroing i Murkelie på Stølsvidda. Det skjedde under kyndig vegleiing frå "the grand old man" i norsk utmarkskartlegging, Yngve Rekdal frå Norsk institutt for bioøkonomi (NIBIO).


18.08.2020

Markdag om beiterydding og sperregjerde

På Murkelii blir det arrangert ein open markdag 24. august om rydding av beite og oppsetting av sperregjerde.


27.04.2020

Utlysing av tilskudd i det utvalgte kulturlandskapet Stølsvidda

Årets søknadsomgang for tilskudd til tiltak i det utvalgte kulturlandskapet Stølsvidda er nå utlyst. Søknadsfristen er 18. mai.


17.02.2020

Ny rapport om fuglelivet på Stølsvidda

I 2019 ble det på oppdrag fra Fylkesmannen gjort en kartlegging og oppdatering av kunnskapen om fuglelivet på Stølsvidda. Oppdraget ble utført av Kistefos skogtjenester og gjennomgår status for de fugleartene som forekommer, med bestandsanslag for de fleste våtmarksartene. Området har lenge vært kjent for sitt rike fugleliv.


25.09.2019

Overordnet kartlegging av bygningsmiljøene på Stølsvidda

Ett av formåla med utvalgte kulturlandskap er å ta vare på verdifulle og utsatte bygninger og bygningsmiljøer. For å få et bedre grunnlag for å prioritere støtte til istandsettingstiltak, blir det nå gjort en oversiktskartlegging i regi av Valdresmusea.


16.08.2019

Søknadsfrist 1. september for tilskudd på Stølsvidda

Innen 1. september kan du søke om tilskudd til tiltak på Stølsvidda som ivaretar jordbruksdrift og kulturlandskapsverdier. Dette er den andre søknadsfristen i år, og det står igjen om lag 200 000 kroner til fordeling.


16.05.2019

Forlenget søknadsfrist til 3. juni for tilskudd på Stølsvidda

Fristen for å søke tilskudd til tiltak i det utvalgte kulturlandskapet på Stølsvidda gikk ut 15. mai, men er forlenget til 3. juni. Det står ca. 1,4 millioner kroner til disposisjon for tiltak som ivaretar stølsdrifta og kulturlandskapet i dette området.


12.04.2019

Utlysing av tilskuddsmidler for Stølsvidda i 2019

Stølsvidda utvalgte kulturlandskap har fått tildelt 1,7 millioner kroner til tiltak som skal ta vare på stølslandskapet i 2019. Dette er den klart største tilskuddspotten som er gitt til et utvalgt kulturlandskap. Søknadsfrister for tilskuddsordningen blir 15. mai og 1. september.