Stølsvidda UKL

Samling av stølsbygninger med eng og beitemark rundt
Fra stølsgrenda Tyrisholt Foto: Stig Horsberg.

Stølsvidda i Vestre Slidre og Nord-Aurdal vart eit utvald kulturlandskap i 2018. Det er eit samanhengande «viddeområde» der stølane stort sett ligg samla i konsentrerte stølsgrender, spreidde nokså jamnt utover. Området har stor opplevingsverdi og er eit mye brukt friluftsområde for lokalbefolkning, hytteeigarar og tilreisande. Det er nær 570 stølar i området, og det er tradisjonell drift med mjølkeproduksjon på nesten 50 av desse. Det meste av jordbruksarealet er i aktiv drift, og det blir slept mye storfe og småfe på beite i utmarka.

Det er Vestre Slidre kommune som forvaltar tilskottsordninga for det utvalde kulturlandskapet på vegner av dei to kommunane som området ligg i.

Stølsvidda omfattar areala til Ulnes og Svennes sameiger i Nord-Aurdal og Vestre Slidre statsallmenning. Området er på 348 km2, og av dette er 13,5 km2 jordbruksareal.

Jordsmonnet er dominert av næringsrik fyllitt og glimmerskifer, som gir ein rik vegetasjon og gode jordbruksareal. I utmarka og på stølsvollar som blir drive mindre intensivt er det ein artsrik vegetasjon som er avhengig av at landskapet blir halde ope av beitebruk og slått. Området har og store våtmarkskompleks som saman med det opne beitelandskapet gir ein uvanleg høg tetthet av fugl, spesielt vannfuglar.

Stølslaga med hus, inngjerda stølsjorde og beiteområde omkring dannar eit kulturlandskap som er karakteristisk for stølsområda i store delar av Valdres. Sjølv om dei fleste stølane ikkje blir drivne på tradisjonell måte, er stølslandskapet fortsatt godt "lesbart". Stølsdrifta i dette området har fleire hundre år gamle tradisjonar, men det har nok vore størst aktivitet på 1700- og 1800-tallet.