Miljøtiltak

Oppdatert 04.02.2025

Miljøverkemidlane i jordbruket skal bidra mest mogleg miljøvenleg matproduksjon. Bønder som oppfyller visse miljøkrav, får rett til fullt produksjonstilskot. Dei kan også søkje om tilskot frå regionalt miljøprogram og ordningane for spesielle miljøtiltak i jordbruket og drenering av jordbruksjord.

Statsforvaltaren har ansvar for å utarbeide og gjennomføre eit regionalt miljøprogram for landbruket (RMP) basert på det nasjonale miljøprogrammet. Miljøprogramma skal medverke til å gjere miljøarbeidet i landbruket meir målretta og å synleggjere den samla miljøinnsatsen i landbruket. Regionalt miljøprogram skal rettast inn mot enkelte regionale utfordringar.

Kulturlandskapet er ein viktig del av kulturarven

Det er ei viktig oppgåve i norsk landbruk å ta vare på kulturlandskapet i jordbruket, som utgjer ein viktig del av kulturarven vår. I moderne tid har kulturlandskapet endra seg svært mykje på grunn av nye driftsformer og omdisponering av jordbruksareal. Ei rekkje plantar, insekt og andre organismar som har gamal kulturmark som levestad, er i ferd med å bli sjeldne eller borte for alltid. Gamle ferdselsårer, kulturminne, eldre tekniske anlegg og bevaringsverdige bygningar gror igjen og forfell. Gamle husdyrrasar og tradisjonelle plantesortar utgjer viktige genressursar som no står i fare for å forsvinne.

For å ta vare på miljøverdiane i kulturlandskapet er det nødvendig å halde fram med tradisjonell drift eller setje i gang skjøtsels- og restaureringstiltak. Regionalt miljøprogram medverkar til dette, saman med tilskota som går til spesielle miljøtiltak i jordbruket.

Statsforvaltaren skal også motivere kommunane til å ta vare på jordbruksareal med verdifullt kulturlandskap. Enkelte nasjonalt utvalde kulturlandskap i jordbruket får spesiell oppfølging gjennom langsiktige skjøtselsavtalar og samarbeid mellom involverte grunneigarar, brukarar, kommunar og landbruks-, miljø- og kulturminnemyndigheitene på fylkesnivå.

Vis meir


Publisert 28.06.2022

Flott dag med prisutdeling i kulturlandskapet i Salmeli

Statsforvalter Gina Lund overrakte Agders kulturlandskapspris 2022 til Per Øyvind Bergmann Tørresen og Lene Olsen 26. juni.


Publisert 27.06.2022

Fra granplanter til blomstereng

Reiersøl planteskole i Froland har fått flere bein å stå på.


Publisert 22.06.2022

RMP-tilskuddet til klimarådgiving justert

Endringer i regelverket som følge av jordbruksoppgjøret 2022.


Publisert 23.05.2022

Kulturlandskapsprisen i Agder 2022 går til Per Øyvind Bergmann Tørresen

Prisvinneren produserer kjøtt og kulturlandskap med gamle husdyrraser i trua naturtyper ute på øyer og oppe til fjells.


Publisert 26.01.2022

Agder har overskudd av spredeareal – også når kravene blir strengere

Vi har regnet på hvordan foreslåtte endringer i krav til spredeareal for husdyrgjødsel vil slå ut i Agder.


Publisert 14.10.2021

Lærerik kulturlandskapsdag

Statsforvalteren inviterte kommunenes landbruksforvaltning til den årlige kulturlandskapsdagen 7. oktober på Søgne videregående skole.


Publisert 16.08.2021

Den nasjonale kulturlandskapsprisen 2021 til Lista-bonde

Reinert Kjølleberg fikk overrakt prisen av landbruks- og matminister Olaug Vervik Bollestad i det vakre kulturlandskapet på Lista 16. august.


Publisert 22.06.2021

Steingjerder på Lista gav kulturlandskapspris

Kulturlandskapsprisen for Agder 2021 gikk til Reinert Kjølleberg.


Publisert 07.01.2015

Informasjon om verneverdige bygninger

Veiledningen gjelder både for Kulturminnefondets tilskudd og Spesielle miljøtiltak i jordbruket (SMIL-tilskudd).