Skjønstilskot til fornying og innovasjon for 2024

Søknadsfrist:
1. november 2023 23:59
Målgruppe:
Kommunar
Ansvarleg:
Samfunnsavdelinga
Kven kan søke:
Kommunar i Rogaland

Statsforvaltaren har no sett av 12 millionar kroner til fornyings- og innovasjonsprosjekt i kommunane for 2024. Fristen for å søkje er 1. november 2023. Dette er 2 millioner meir enn for 2023. 

Publisert 08.05.2023

Prioriterte område i 2024

Regjeringa har bestemt at FNs berekraftsmål skal vere det politiske hovudsporet for å ta tak i vår tids største nasjonale og globale utfordringar. FNs 17 berekraftsmål er verdens felles arbeidsplan for å utrydde fattigdom, motarbeide ulikskap og stoppe klimaendringane innan 2030. Planlegging er eit viktig verkemiddel for å oppnå berekraftsmåla, og fleire av måla kan berre bli oppnådd ved hjelp av lokal innsats.

Statsforvaltaren i Rogaland vil framheve tre strategiske satsingsområde: barn og unge, klima og berekraftige velferdssamfunn, som prioriterte område for prosjektskjønn til innovasjon og fornying i kommunane i 2024.

Barns beste er eit grunnleggande omsyn ved alle handlingar som påverkar barn. Ulike sektorar må sjå barnerettar og oppfølginga av barn, unge og deira familiar som ei heile. Målet er at alle barn skal oppleve eit godt og inkluderande oppvekst-, leike- og læringsmiljø, og få oppfylt sine rettar etter Barnekonvensjonen. Det vil krevje endringar og tilpassingar i korleis kommunane, fylkeskommunen og den regionale stat løyser sine velferdsoppgåver.

Klimautfordringa er global, men mykje av utsleppsreduksjonen og tilpassinga vil måtte skje nasjonalt og lokalt. Norges mål under Parisavtalen er å redusere utsleppet av klimagassar med 50 til 55 prosent innan 2030. Norges klimalov utgjer rammene for norsk klimapolitikk, og skal fremme gjennomføringa av omstillinga til eit lågutsleppssamfunn. Det vil krevje samordning og endringar i korleis kommunane, fylkeskommunen og den regionale stat forvaltar ressursane for å gjennomføre klimaomstillinga.

Berekraftige velferdssamfunn er relatert til fleire av berekraftsmåla. I tiåra som kjem vil det stå færre i yrkesaktiv alder bak kvar pensjonist. Statens utgifter vil gå opp, utan at inntektene aukar like mykje. Mangel på kompetent arbeidskraft vil vere ei tilsvarande utfordring som økonomi. Å ta vare på og sikre velferdssamfunnets berekraft er derfor vesentleg for at Rogaland skal vere eit godt fylke å bu i.

Vi vil i tillegg prioritere arbeid med å implementere verktøy som kan måle berekraftsarbeidet i kommunen (til dømes U4SSC standarden).

Planen er å utbetale midlane som ein del av første terminutbetaling på nyåret. 

Meir om skjønstilskotet og retningslinjene frå KDD finn de i utlysningsbrevet som ligg ved. For å sende inn søknadene, bruk Prosjektportalen.

Oppdatert 11. august 2023

Søknadsfrist:
1. november 2023 23:59
Målgruppe:
Kommunar
Ansvarleg:
Samfunnsavdelinga
Kven kan søke:
Kommunar i Rogaland