Statsforvaltaren fekk nytt og kjønnsnøytralt namn 1. januar 2021. Det gamle namnet vårt var Fylkesmannen.

Tilskot til heimeundervisning i samband med Covid-19

Legg til i eigen kalender
Søknadsfrist:
9. mars 2021 23:00
Målgruppe:
Elevar/lærlingar/lærekandidatar(inkludert vaksne) og lærarar i offentlege grunn- og vidaregåande skolar i Noreg.
Ansvarleg:
Statsforvaltaren i Rogaland
Kven kan søke:
Kommuner og fylkeskommunen i Rogaland
Rapporteringsfrist:
1. juni 2021 23:00

Kommunar og fylkeskommunen kan søkje om tilskot til tiltak for å styrkje føresetnadene for å tilby god heimeundervisning om det blir naudsynt ved ei stenging.

Publisert 22.02.2021

Målet for tilskotsordninga

Målet for tilskotsordninga er å leggje til rette for digital heimeundervisning i samband med Covid-19-utbrotet.

Tilskott kan nyttast til

  • støtte til infrastruktur som skal leggje til rette for heimeundervising
  • støtte til løysingar og utstyr som skal leggje til rette for kommunikasjon mellom lærar og elev

 

Tilskotet gjeld ikkje for

  • Friskular. Det er ei eiga ordning i regi av Utdanningsdirektoratet
  • Vaksne i Introduksjonsordninga, som ikkje er deltakar i grunn- eller vidaregåande opplæring for vaksne.
  • Kjøp av digitale læremiddel

 

Målgruppe

Målgruppa for tilskotet er elevar/lærlingar/lærekandidatar(inkludert vaksne) og lærarar i offentlege grunn- og vidaregåande skolar i Noreg.

Tilskotsmottakar 

Tilskotsmottakar er kommunar og fylkeskommune.

Søknad

Bruk søknadsskjema i høgre meny.

Søknadsfrist er 09.03.2021

Vilkår for tilskot

Tilskotet er knytt til Covid-19-utbrotet.

Mottakar av tilskotet skal rapportere om bruk av midla innan 1. juni 2021 

Rapportering og kontroll

Kommunane som mottek tilskot må rapportere på bruk av midla og:

  • stadfeste at midla er brukt i samsvar med føresetnadane
  • opplyse om kva tiltak som er iverksette og omfanget av desse
  • leggje ved relevante kvitteringar/fakturaer

Statsforvaltaren kan ta stikkprøvekontrollar av bruken av tilskotet.

Legg til i eigen kalender
Søknadsfrist:
9. mars 2021 23:00
Målgruppe:
Elevar/lærlingar/lærekandidatar(inkludert vaksne) og lærarar i offentlege grunn- og vidaregåande skolar i Noreg.
Ansvarleg:
Statsforvaltaren i Rogaland
Kven kan søke:
Kommuner og fylkeskommunen i Rogaland
Rapporteringsfrist:
1. juni 2021 23:00

Kontaktpersonar

Lenkjer