Tilskot til aktivitetstilbod og besøksvert

Søknadsfrist:
31. mars 2021 23:59
Målgruppe:
Eldre som har langtidsopphald i sjukeheim eller omsorgsbustad med heildøgns bemanning
Ansvarleg:
Statsforvaltaren i Rogaland
Kven kan søke:
Kommunar og fylkeskommunen
Rapporteringsfrist:
1. mars 2022 23:59

Statsforvaltaren i Rogaland har fått kr 9.000.000 til fordeling. Søknadsfristen er sett til 31.mars 2021.

Publisert 16.02.2021

Målgruppa er eldre som har langtidsopphald i sjukeheim og i omsorgsbustad med heildøgns bemanning.

Målet med tilskot til aktivitetstilbod er å stimulere til innovative tiltak for å oppretthalde aktivitet og sosial kontakt slik at personar i målgruppa får aktive og meiningsfulle kvardagar, gode opplevingar og sosial kontakt med sine næraste.

Målet med tilskot til besøksvert i sjukeheim og omsorgsbustader er at kommunen, eventuelt i lag med frivillige, legg til rette for at besøk blir gjennomført på ein triveleg, god og smittevernsikker måte.

Kven kan få tilskot?

Kommunar og fylkeskommunen.

Kommunar kan søkje midlar aleine eller i samarbeid med privat, ideell og frivillig sektor.

Søknaden

Søknaden skal vere poengtert og kortfatta. Det skal gå fram kva som er målet med tiltaket, skildring av tiltaket og oversikt på utgifter. Bruk søknadsskjema som står i kolonne til høgre.

Les regelverket nøye før de skriv søknaden

Informasjon om tildelingskriterium, krav til rapportering og rapporteringsfristar, om måloppnåing, budsjett og rekneskap er gjort greie for i regelverket.

Søknad skal sendast til: sfropost@statsforvalteren.no 

Søknadsfrist:
31. mars 2021 23:59
Målgruppe:
Eldre som har langtidsopphald i sjukeheim eller omsorgsbustad med heildøgns bemanning
Ansvarleg:
Statsforvaltaren i Rogaland
Kven kan søke:
Kommunar og fylkeskommunen
Rapporteringsfrist:
1. mars 2022 23:59

Kontaktpersonar