Samferdselsdepartementet bør prioritera strekningsmåling av fart i Ryfast

Fylkesmannen ber Samferdselsdepartementet etablera streknings-automatisk trafikkontroll (ATK) i Ryfylketunnelen og framtidige undersjøiske tunnelar i Rogaland. 

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 08.03.2019

Me har erfaring med dei undersjøiske tunnelane i Rogaland. Rennfast sto ferdig alt i 1992. Det har vore mange alvorlege ulukker opp gjennom åra og mange trafikksikringstiltak er prøvd. Ei av dei mest alvorlege ulukkene fann stad i 2000. Tre ungdommar mista livet i Byfjordtunnelen, etter å ha kjørt inn i tunnelveggen i høg fart.

Det er ingen tvil om at etablering av strekningsvis automatisk trafikkontroll i 2012 har hatt positiv effekt. Dette blir også dokumentert i Transportøkonomisk institutts rapport Evaluering av effekt på ulykker ved bruk av streknings-ATK (2014).

Innbyr til fart

Den nye Ryfylketunnelen, med sine 14,3 kilometer, blir Norges lengste undersjøiske tunnel. Tunnelen blir bygd som ein toløpstunnel. Dette sikrar at det ikkje skjer møteulukker og gjer at trafikken ikkje må stoppast heilt, sjølv om eitt av løpa skulle bli stengt på grunn av ulukke. Dette gjer det langt lettare for nødetatane å redda liv.

Fylkesmannen vurderer likevel Ryfylketunnelen, med sin kurvatur og utstrekning, til å vera ei strekning som innbyr til høg fart, ikkje minst for spenningssøkande sjåførar som vil testa grensene. Politiet har dessutan avgrensa høve til å gjennomføra vanlege fartskontrollar i tunnelen.

Fylkesmannens rolle 

I Fylkesmannens samfunnstryggleiksinstruks går det fram at me skal ha oversikt over risiko og sårbarheit, ved å laga ein risiko- og sårbarheitsanalyse (fylkesROS) for fylket. FylkesROS dannar ei felles plattform for å førebygga uønska hendingar og styrka samordninga av det regionale arbeidet med samfunnstryggleik, beredskap og krisehandtering. I instruksen heiter det også at me skal halda sentrale og regionale aktørar orienterte om status for samfunnstryggleiksarbeidet i fylket, og ta opp spørsmål som har betydning utover fylkesgrensa.

FylkesROS Rogaland blei sist revidert i mars 2018. Der er både transport som kritisk samfunnsfunksjon, og store ulukker på veg og i tunnel, breitt omtalt. Me har fire undersjøiske tunnelar, og får to nye når Ryfast opnar i haust – og ytterlegare to når Rogfast kjem.

Færre, men alvorlegare ulukker i tunnel

I FylkesROS går det fram at det skjer færre ulukker i tunnel enn på veg, men ulukkene i tunnel er ofte meir alvorlege. Eitt av tiltaka me tilrår for å redusera ulukkesrisikoen, er «bedre og mer informativ skilting i tunnelene, skilt som viser hvilken fart kjøretøyene har, bedre kameraovervåking, vurdering av fartsgrenser, bedre riller i kjørebanen, og flere fartskontroller». Etablering av strekningsvis automatisk trafikkontroll (ATK) er ei løysing me meiner er i tråd med dette.

Regjeringsplattforma vil avgrensa, men ikkje avvikla bruken av streknings-ATK. Streknings-ATK skal framleis kunna nyttast på strekningar der risikoen for alvorlege ulukker er høg. Me har merka oss at Retningslinjer for valg av steder og strekninger for automatisk trafikkontroll (ATK), opnar for etablering av ATK i tunnelar og bruer utan å ta omsyn til ulukkesfrekvens. Det blir også slått fast at ATK kan etablerast på stader der politiet har vanskar med å gjennomføra kontrollar – og der risikoen for alvorlege fartsrelaterte ulukker er stor. 

Fylkesmannen meiner at Ryfylketunnelen er ei strekning som må få streknings-ATK. Dette var planlagt frå starten av prosjektet. Alt er teknisk på plass for å ta systemet i bruk. Me ber derfor Samferdselsdepartementet prioritera streknings-ATK i Ryfylketunnelen.

Heile brevet til Samferdselsdepartementet er lagt ved nettsaka.

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.