Uvêret: Oppdatert varsel på raudt nivå

Laurdag og natt til søndag er det venta ekstreme nedbørmengder i indre strok av Rogaland. Det er venta 100-140 millimeter i løpet av eitt døgn, og lokalt i indre strøk kan det koma 140-160 millimeter. 

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 05.12.2015

Enkelte stader kan det koma nedbørmengder med 25-50 års returverdi. I kystområda er det venta moderate mengder nedbør, melder Meteorologisk institutt.

Raudt og oransje nivå

NVE har i føremiddag oppdatert flaumvarselet i Rogaland til raudt nivå, som er det høgaste varsemdsnivået, i desse kommunane:

  • Bjerkreim
  • Eigersund
  • Forsand
  • Gjesdal
  • Hjelmeland
  • Lund
  • Sokndal
  • Strand

I alle dei andre kommunane er varselet på oransje nivå, det nest høgaste. Les meir her.

Mest alvorleg i Eigersund

Situasjonen ser i augneblinken mest alvorleg ut i Eigersund kommune. Der har ein sett krisestab og følgjer situasjonen fortløpande. Folk som bur i utsette område er varsla med telefon og tekstmelding. 

- Ikkje kjør viss du ikkje må

Det er oppfordringa frå Statens vegvesen. Det er svært mykje vatn på vegane og framkomsten er redusert fleire stader i indre Ryfylke og i sørfylket. ­­På Helleland er det over 20 centimeter vatn på vegen. Der slepp ein bare forbi éin og éin bil. Truleg blir E39 stengt her viss elva held fram med å stiga, opplyser Eivind Stangeland, seksjonsleiar for drift og vedlikehald i Statens vegvesen kl. 13.00.

Her finn du trafikkmeldingar frå Statens vegvesen

Fare for snø-, jord- og flaumskred

I fleire kommunar varslar også NVE om stor fare for både snø-, jord- og flaumskred. Oppdater deg på varsom.no.

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.