– Kan ikkje huska ein så alvorleg brann

Brannvesenet begynner å få kontroll på brannen i Sokndal, men situasjonen er framleis kritisk. – Brannar har me erfaring med, men denne er den mest dramatiske eg kan huska, seier fylkesberedskapssjef Reidar Johnsen. 

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 24.04.2019

– Det er alvorleg når så mange må evakuerast. Eg kan ikkje huska at me har hatt så store brannar som også har trua befolkninga, tett på eit kommunesenter med mange folk og bustader. I tillegg til Sogndalstrand, som er eit freda kulturmiljø etter kulturminnelova, seier Johnsen.

Store ressursar sett inn

Brannmannskap frå heile regionen deltar i sløkkearbeidet, i tillegg til stor innsats frå bønder, frivillige, politiet, Heimevernet og Sivilforsvaret. Fylkesmannen i Rogaland sende i går kveld ned assisterande fylkesberedskapssjef Gry Evensen for å støtta kommunen. Sokndal kommune innsåg alvoret og omfanget i går kveld og sette av dei ressursane dei måtte, meiner Johnsen.

– Tærer på folk

Johnsen har lang erfaring frå krisehendingar, som flaumar og ekstremvær. Men brannar som denne i Sokndal er noko anna.

– Ein storm eller flaum varer gjerne nokre timar, kanskje eit døgn, så er det over. Her varer det i dagevis. Når brannen er sløkt, skal det ettersløkkast lenge. Då tærer det på folk. 

Må evaluerast

Det er akkurat nå usikkert om Fylkesmannen skal foreta ei brei regional evaluering av handteringa av brannen.

– Det må me vurdera. Kommunen skal uansett evaluera når ein har fått kontroll på situasjonen. Det følger av forskrift om kommunal beredskapsplikt. Alle hendingar som dette kan me læra av. 

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.

Kontaktpersonar