Nettverksmøte for kommunenes beredskapskontaktar i Rogaland - Utsira 4-5. juni 2008

Risiko- og sårbaranalyse for Rogaland (fylkes-ROS) var eit sentralt tema på møte 4.-5. juni for for beredskapskontaktane i kommunane i Rogaland.

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 11.06.2008

Risiko- og sårbaranalyse for Rogaland (fylkes-ROS) var eit sentralt tema på møte 4.-5. juni for for beredskapskontaktane i kommunane i Rogaland.

Første del av analysen er en grovanalyse. Det vil etter kvart bli utarbeidet detalj-ROS analyser er for viktige tema. Foreløpig er det utarbeidet en detalj-ROS, denne omhandlar svikt i energiforsyninga, og den vil ligge ved Fylkes-ROS'en når denne forhåpentlegvis kan sendast til kommunane og andre aktuelle samarbeidspartnarar 20. juni 2008.

Fylkes-ROS skal være eit opent og levande dokument. Den handlar om hendingar som er av en slik art eller størrelse at de rammer fleire kommunar samtidig. Det er ikkje satt tall på verken sannsynlegheit eller konsekvens i denne analysen. FylkesROS skal være et levande dokument som lett skal kunne endre i takt med gjeldande trussel og slik ein då vurderer risiko og sannsynligheit. Den gir og en god oversikt over ansvar og roller knytt til hendingar og beredskap.

Elles på nettverksmøtet gav Atle Grimsby frå Utsira kommune eit bilde av korleis ein ser på risiko og sårbarheit med Utsira "briller" på. Deira fokus er på småbåttrafikken rundt Utsira og ferjetrafikken til og frå Haugesund samt at det er mykje trafikk rundt Utsira både av små og større private båtar. Trafikken av store skip som transporterer stykkgods, gass og olje er også svært stor. Dette gir auka risiko for ulykker med oljesøl og/eller fare for eksplosjonar ved grunnstøytingar eller kollisjonar.

Marianne Nitter frå arkeologisk museum i Stavanger, samt klimaloftet.no, føredrog om vær og klima i Rogaland i fortid og framtid. Skremmande, men nyttig å tenke over for framtidig planlegging i kommunane i Rogaland i årene framover.

Ole Tuntland, frå Strand kommune, viste video og bilete frå flomvatnets herjingar på Jørpeland, som på ein ubehageleg måte viste korleis det kan gå når vi ikkje tar tilstrekkelig omsyn til naturens krefter når vi bygger veier og bustader.

Kystverket v/ Tormod Våga fortalte om Kystverkets rolle som statens koordinator ved større oljesøl på havet eller på land, samt korleis nødhamner er tenkt bruk, og kvar disse er utpeika i Rogaland. Han gjorde reie for Kystverkets generelle arbeid for sikker transport i norsk farvatn gjennom sjøtrafikkontroll, losteneste, fyr, lykter og stakar for navigering, siker farleier, og sikre fiskerihamner.

Kraftforsynings distriktssjef i Rogaland (KDS), Åshild Helland frå Lyse Elnett, fortalte om kor sårbare vi er på kraftleveranse i Rogaland. Mange utfordringar, men konklusjonen er at vi blir stadig meir robuste på kraftleveransane i Fylket vårt. Utbygging av et meir robust leveransenett og fornuftige prioriteringar som kan handhevast i et godt samspill mellom leverandørar og myndigheitsapparat gjer at terskelen for krise blir høgare, men brukarane som er avhengige av strøm hele tida, må sjølv sørgje for å ha "back up" dersom dei ikkje kan "leve" med bortfall av strøm, sjølv korte tidsrom.

Fylkesberedskapssjef, Reidar Johnsen, avslutta seminaret med en generell orientering om beredskapsforhold i Rogaland, blant anna lovpålagt beredskap i kommunane, nytt varslingssystem frå Fylkesmannen til kvar kommune i Rogaland.

Utsira viste seg frå sin beste side under hele seminaret. Været var praktfullt og Utsira Havstuer var saman med representantar frå Utsira kommune eit strålende vertskap for nesten 30 beredskapsansvarlige i Rogaland.

Kommunane sine beredskapskontaktar gav uttrykk for at dei gjerne ville ha faste årlige Nettverksmøte tilsvarande dette, der viktige beredskapstema kunne tas opp i eit slikt fagforum.

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.

Kontaktpersonar