Eigenberedskapsveka 2022

egenberedskap
G. Røkeberg/DSB

Har du det du treng for å klare deg sjølv i minst 3 døgn dersom vatn og straum plutseleg forsvinn?

Publisert 14.10.2022

31. oktober startar eigenberedskapsveka 2022, altså i veke 44.

Målet med Eigenberedskapsveka 2022, er å auka folks kunnskap om eigenberedskap slik at fleire gjer smarte val og slik at samfunnet blir meir robust ved ei krise.

Sikker kvardag

DSB (Direktoratet for samfunnssikkerhet og beredskap) har utarbeidd konkrete råd som du kan lesa på Sikker hverdag. Her finn du mellom anna forslag til eit beredskapslager som gjer at dei fleste kan klara seg heime i minst tre døgn.

Sjølv om me lever i eit trygt land, kan uønska hendingar oppstå også hos oss. Viss me blir ramma av ei stor hending eller krise, er det mange som treng hjelp. Er fleire av oss stand til å ta vare på oss sjølv og dei rundt oss ved ei hending, kan hjelpa settast inn der behovet er størst. På den måten er du ein del av landets beredskap.

Haldningar til eigenberedskap i Noreg

Ei undersøking i regi av DSB, frå januar 2022, viser at folk i Noreg då var mest bekymra for pandemi (50%), langvarig straumbrot (25%), cyberangrep på styringssystem (42%) og terror (31%). Undersøkinga seier og at 4 av 10 er forebudde på å klare seg sjølv heime dersom straum, tele og internett blei borte i tre døgn eller meir. Eit klart fleirtal på 81% meiner at dei har ansvar for å hjelpe andre dersom ei uønska hending skjer. Over halvparten kjenner ikkje til kor nærmaste tilfluktsrom er, eller om kommunen har ein fast møteplass for innbyggarane ved ei krise.

Etter dei ulike krisene vi har sett dei siste åra er det eit stadig aukande fokus på eigenberedskap og sjølvberging i samfunnet. Korona, Klima og Krig er stadige vekkarar når det gjeld fokus på samfunnstryggleik og beredskap. Det er grunn til å tru at bekymringene i befolkinga har endra seg i lys av krigen i Ukraina, og at folk no er meir merksame på både straummangel, cyberangrep, atomhending, krigshandlinger og forsyningstryggleik. Nettstaden til DSB Sikker kvardag tidobla sidevisningen etter invasjonen av Ukraina. Folk er no veldig merksame på beredskap og tryggleikssituasjonen.

Eit robust samfunn er ein førebudd befolkning

Fylkesberedskapssjef i Rogaland, Reidar Johnsen, seier at det er viktig at folk tenker igjennom og skaffer seg ting på lista ifrå DSB. Stearinlys, mat, batteri til lykt og radio, vatn, medisiner og førstehjelpsutstyr. "Kva er det eg og min familie/(kjæle)dyr treng?"

Ein kan og tenke gjennom kven som er ditt lokale nettverk, særleg for dei som bur aleine. Ved eit straumbrot kan det hende eldre og bevegelseshemma ikkje kjem seg ut ifrå leilegheita, dersom heisen står. Stadig fleire hus produserer eigen straum med solceller, kanskje kan naboar komme og lade telefonen sin der? Det er mange ting ein som innbyggjar og nabo kan gjere for å auke robustheita i sivilsamfunnet.  

Det er likevel viktig å ikkje la uro og bekymring ta overhand, og balansere eigenberedskap og kvardagsliv. Låge nivå av stress og uro i befolkninga er grunnleggande for eit robust samfunn i fredstid. 

Ulike aktivitetar

Over heile landet blir det ulike aktivitetar i kommunane, informasjon på heimesider, utstilling av eksempel på eit lager av det styresmaktene tilrår, orientering på skular m.m. 

Treng du å vita meir om din eigen beredskap, ta kontakt med kommunen der du bur.

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.