Nytt aktsemdkart for flaum

Noregs vassdrags- og energidirektorat (NVE) har utarbeidd nytt aktsemdkart for flaum. Det er basert på meir detaljerte grunnlagsdata for vatn og terreng enn det gamle kartet. Dette gir eit betre grunnlag for arealplanlegging på flaumutsette areal.

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 19.10.2020

Det nye aktsemdkartet for flaum er basert på meir detaljerte kart over vatn (FKB-vatn) og terreng (nasjonal digital høgdemodell). Dette gir ei oversikt over kva område som kan vere utsette for flaum, og er best eigna for planlegging på kommuneplannivå. Det er eigna som eit tidleg vurderingsgrunnlag i overordna konsekvensutgreiinger eller risiko- og sårbarheitsanalyser. Det er ikkje eigna til planlegging på reguleringsplannivå. Likevel er kartet med bruksbeskrivelse godt nok til å vurdere kor det er potensiell flaumfare, der det må vurderast nærmare dersom ein vurderer byggetiltak.

Det er viktig å merke seg at dette kartet ikkje tar omsyn til urbanflaum/overvassflaum, til bruer og kulverter, eller til stormflo og oppstuving ifrå sjø. 

Aktsemdområde flaum skal brukast ved fastsetting av omsynssoner for flaum på kommuneplannivå. Vi oppfordrar kommunane til å bytte ut det gamle aktsemdkartet i kommuneplan med dette.

www.temakart-rogaland.no er det no berre den nye versjonen som er tilgjengeleg.

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.