Kart over marin leire

Vestlandet er ikkje dekt av faresonekart for kvikkleire, det er det berre sentrale strok av Austlandet, Trøndelag og delar av Nord-Norge som er. Det betyr ikkje at me er frie for leire, og førekomstar av kvikkleire kan derfor ikkje utelukkast her vest. 

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 19.11.2016

Under nivået der havet stod etter siste istida (marin grense) kan det ligga marine avsetningar som kan bli til kvikkleire dersom dei blir forstyrra. Kvikkleire er leire som har ein kornstruktur som er veldig skjør; ho er fast og solid så lenge ho får ligga i fred. Slik leire blir brått flytande viss ho blir overbelasta og omrørd, og den skjøre kornstrukturen kollapsar.

Korfor blir leire til kvikkleire?

Kvikkleire blir danna ved at salt i den marine leira over tid har blitt vaska ut på grunn av rørsle i grunnvatnet. Kornstrukturen er dermed blitt svekka i så høg grad at den faste kvikkleira, viss ho blir forstyrra, kan omdannast til ei leiresuppe. Utløysing av kvikkleireskred kan skuldast graving, vektbelasting som til dømes massedeponi eller erosjon. Kvikkleireskred kan finna stad på sjølv slake hellingar. Kvikkleireskred oppfører seg annleis enn andre skred, ved at grunnen plutseleg endrar karakter til suppe, ved at skredmassane kan flyta langt av garde og ved at skredet forplantar seg bakover og sidevegs.

Hjelpemiddelkart

NGU (Norges geologiske undersøkelse) har utarbeidd eit hjelpemiddelkart; for å lettare tolka kvartærgeologiske kart. Her har dei trekt ut lausmassetypar som kan skjula marin leire, og trekt ut område som ligg under marin grense. Marin grense varierer i Rogaland; frå om lag 10 meter over havet ved kysten i sør, til 75 meter over havet i Ryfylke. Funna har dei presentert i kartet «Moglegheit for marin leire». Her har dei delt inn i seks sannsynsklasser, frå svært stor til stort sett fråverande. Dette kan og bør ein bruka i arealplanlegginga, til dømes som utgangspunkt for omsynssone kvikkleire på kommuneplannivå.

Aktuelt i dei fleste kommunane i Rogaland

Heile fylket er skravert med varierande grad av moglegheit for marin leire. Dei fleste kommunane har moglegheit for slik leire, ifølgje kartet. Me kjenner ikkje til store kvikkleireskred i Rogaland, men seinast i 2014 gjekk det eit ras ved Suldalslågen, der det viste seg å vera kvikkleire ved rasområdet. Gode tiltak og avgrensing av inngrep i slike soner skal normalt minimera risikoen for utgliding.

Kor finn du kartet?

Kartet finn du sjølvsagt på Temakart Rogaland under kategorien Samfunnstryggleik. For bruk i eigne kartløysingar finst det også som WMS

Les meir om bruk av marin grense og sjansen for å finna marin leire (NGU).

Her finn du meir om kvikkleire, inkludert ein fascinerande og skremmande film av kvikkleireskred på Rissa i 1978.

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.