Tilleggshøyring av arealdelen til kommuneplan for Stavanger for perioden 2023-2040

Fleire tema er drøfta i tilleggshøyringa til arealdelen, blant anna gjenopning av Forus Stasjon. Foto: Statsforvaltaren i Rogaland.

Stavanger kommune har ei tilleggshøyring i samband med revisjon av arealdelen til kommuneplanen, og Statsforvaltaren i Rogaland har no gitt sin høyringsuttale.

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 12.01.2023

I samband med handsaming i kommunestyret juni 2022 om utlegging av arealdelen til offentleg ettersyn, blei det vedtatt at fleire arealinnspel som tidlegare blei silt ut skulle vurderast på nytt. I tillegg er det kome bestillingar om nye vurderingar samt nokre endringar i føresegn og planskildring. 

Tilleggshøyringa er eit tillegg til den arealdelen som var på høyring sumar/haust 2022. Fleire av dei innspel og motsegn som er gitt ved førre høyring er derfor førebels ikkje avklarte og står difor framleis ved lag.

Kommunen har hovedsakleg gjort grundige utgreiingar av endringane, og kome med fleire gode konklusjonar. Mange av endringane har Statsforvaltaren berre kommentarar til, men enkelte av endringane har vi motsegn til som følge av konflikt med nasjonale og vesentlege regionale interesser.

Statsforvalteren fremmer motsegn til følgande arealinnspel og føresegn:

- Stavanger Tennisklubb gbnr. 38/97 Hognes gt. 30

- Arealinnspill 21 Kvernevikveien Invest AS

- Arealinnspill 8 Boliger Ullandhaug

- Falkasete hytter

- Bestemmelse 1.4.2
  

Heile uttalen kan du lese her

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.