Lansering av rapport om kommunane sitt arbeid med universell utforming

Barne-, ungdoms- og familiedirektoratet lanserer rapport om korleis kommunane jobbar med universell utforming, i eit webinar 30. april.

Publisert 26.04.2024

Målet er å bidra til auka kunnskap om status for universell utforming i kommunane, og kva område og moglegheiter som finst for å betre dette arbeidet.

På webinaret får du høyre gode døme frå kommunar og fylkeskommunar som jobbar godt med universell utforming. Webinaret kan vere aktuelt både for dei som arbeider med universell utforming av fysiske omgjevnader, og for dei som arbeider med universell utforming av digitale tenester. Webinaret er 30. april frå 10.00-11.30.  

Meir informasjon, program og påmelding finn du på nettstaden til Barne-, ungdoms- og familiedirektoratet.

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.