Endring av reguleringsplan for omregulering av friområde til bustadføremål i Gjesdal – settestatsforvaltar opphevar formannskapets vedtak

Statsforvaltaren i Rogaland klaga på Gjesdal kommune sitt vedtak om endring av reguleringsplan etter forenkla prosess for omregulering av friområde til bustadføremål. Klagen er grunngjeve med omsyn til barn- og unges interesser og manglande vurderingar og krav frå kommunen om erstatningsareal. Settestatsforvaltar, Statsforvaltaren i Vestland, har konkludert med at vilkåra for å behandla endringa i reguleringsplanen etter den enklare prosessen i plan- og bygningslova § 12-14 ikkje var til stades. Statsforvaltaren opphevar difor vedtaket gjort av formannskapet.

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 09.02.2022

Bakgrunnen for vår klage var at det i saka ikkje vart skaffa fullverdig erstatningsareal, jf. Rikspolitiske retningslinjer for å styrke barn og unges interesser i planleggingen. Me viste også til at dersom vedtaket blei ståenda, kunne dette gje betydeleg presedens for lignande saker i kommunen generelt, men spesielt for dei andre eigendommane som grensar inn til friområde. Statsforvaltaren i Vestland legg vekt på at dette er moment som taler for at saka ikkje burde vore behandla etter den enklare prosessen, men vore behandla etter ein prosess med breiare medverknad. 

Klagen vår og klageavgjerda ligg vedlagt.

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.