Ny brosjyre for hundeeiegare
Mange er usikre på kva reglar som gjeld for bruk av band med hund på tur. Vi har gjort det enkelt og laga ein brosjyre med kart for kommunane på Jæren og Nord-Jæren.
Plukk opp ein brosjyre hos besøkssentra på Orre i Klepp, Kvassheim i Hå eller Mostun i Stavanger. God tur!
Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.
Naturarven: Ryddige strender i Randaberg
Nå i haust har miljøvernavdelinga kartlagt alle former for avfall og strandsøppel langs heile kyststripa i Randaberg, frå Randaberg-bukta i nord til Vistnes i sør. Til saman er det snakk om drygt 80 stadar der vi bidreg med å få fjerna smått og stort av avfall. Gode lokale hjelparar i organisasjonane Clean Shores og Seasick Fish skal ha stor takk for sin innsats. Likeså og ikkje minst, dei mange grunneigarar som ryddar kvart år, og Jæren friluftsråd med sin rekordinnsats i år!
Publisert 01.11.2017
Naturarven i Rogaland
Fylkesmannen sin visjon er å ta vare på Rogaland. I dette ligg å ta vare på også dei uerstattelege naturverdiane i vårt mangfaldige landskap - dette er arvesylvet for våre ungar i mange slektsledd.
Publisert 04.03.2016
Rådgjevande utval
Det rådgjevande utvalet for Jærstrendene er oppnemnt av Fylkesmannen i Rogaland. Utvalet er eit rådgjevande utval for forvaltingsstyresmakta. Ei sentral oppgåve er å bidra med innspel i samband med utarbeiding og oppfølging av ny forvaltingsplan.
Kontaktpersonar
Lenkjer