I dag, 21. mars, feirar vi Verdas skogdag!

Kven vert ikkje i litt betre humør når ein møter på denne ein dag i skogen? Foto: Solbjørg Engen Torvik

Gratulerer med den internasjonale skogdagen! Årets tema er Skog og helse. Skogen er heilt avgjerande for at menneska skal kunne leva gode liv og ha god helse. 

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 21.03.2023

Føremålet med Verdas skogdag er å feira og å auke medvitet vårt om kor viktig alle typar skog er. Skogen forvaltar og bruker ressursane på ein berekraftig måte, og den tar vare på dei skjøre økosystema som verda treng 

Skogen gir oss så utruleg mykje som betrar helsa vår!

Skogen gir oss

  • rein luft, med overskott av O2 til å puste inn
  • mat
  • stoff som kan nyttast til medisinar, - og her er det svært mykje me ikkje veit enno
  • ved til brensel, altså energi
  • eit miljøvenleg byggemateriale
  • eit miljøvenleg materiale me kan laga klede av (til dømes TENCEL ™ Lyocell fibre)

Skogen gjer også mange nyttige oppgåver for oss, til dømes

  • reinsar vatnet, så me kan drikka det
  • fjernar CO2 frå atmosfæren, og slik bidreg til å motverka klimaendringar
  • bryt ned daude organismar slik at grunnstoffa kan bygge nytt levande liv i ein evig sirkel

Ikkje minst gir skogen gir oss gode opplevingar og mykje, mykje meir!

Visste du at:

  • Barn i Afrika som bur i nærleiken av skog har minst 25 % meir variert kosthald enn dei som ikkje bur nær ein skog.
  • Talet på planteartar som vert nytta i medisinsk samanheng, kan vere så stort som 50 000.
  • Fleire studier visar at skogsbesøk gir lågare blodtrykk, lågare puls og redusert cortisol-nivå.
  • Jorda tapar 100 000km² med skog kvart år på grunn av avskoging (om lag storleiken av Island). I tillegg forsvinn mykje meir på grunn av insektsangrep, brannar, tørke oa.

image7xjwo.png

Ein ung og ein gammal. Visste du at sånn ser ein bøketre-baby ut? Frøplante frå bøkeskogen på Våland. Dette eiketreet har nok opplevd mange hundre år! Ikkje rart det treng litt støtte. Eik i Vallandshaugane i Nordheimsund.

Skogen vår 

I Rogaland har me òg verneverdig skog, faktisk har me heile 53 naturreservat som er verna på grunnlag av verdifull skog. I fjor vart det verna 4 nye skogreservat (Andaråsen i Sokndal kommune, Einarvatnet i Lund, Berget i Vindafjord og Nag i Strand). Me jobbar aktivt kvar dag for å finna fleire skogområde som har gode verneverdiar. Ofte er det skogeigarar som tilbyd delar av skogen sin til vern gjennom ordninga Frivillig vern. Deretter vert kartleggarar sendt ut i skogen for å kartlegge kva type skog det er og kva for skogverdiar som finst.

Verneverdiane er varierte og spenner frå rike edellauvskogar, skogar med styvingstre som har vorte hausta i tidlegare tider, gammal skog, gjerne med natur- eller urskogspreg, gamle eller fuktige  furuskogar, barlindskog og kristtornskog og regnskogar – ja, me har regnskogar òg i Noreg og i Rogaland. Alle desse skogtypane er verneverdige fordi dei har forhold og leveområde kor det kan veksa sjeldne og sårbare artar. Skogane er òg viktige for dyr, fuglar, insekt og andre dyr - også desse kan vere sjeldne og sårbare.

Rapporten "Skogkur 2030 – Siste sjanse for gammelskogen" vart lansert til verdas skogdag i 2022, der fire miljøorganisasjonar viser kordan Norge kan nå sitt vedtekne mål om å verne 10 % av skogen. 

image8nbdl.png

WWF - Skogkur 2030

 

 

 

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.