Verdas våtmarksdag!
I dag, 2. februar, er verdas våtmarksdag. Denne markerer me for å vise kor viktig våtmarkene er for livet på jorda. I år vil me løfte fram naturtypen myr. Våtmark gir samfunnet mange tenester, men er også sårbare for ulike formar for negativ påverknad. Med auka medvit om våtmark er det mogleg å ta vare på desse, og med noko innsats er det mogleg å restaurere våtmark attende til fungerande økosystem.
Kva er våtmark?
Våtmark er dei våte naturtypane i vår natur, der land møter vatn. Dette omfattar mellom anna dei permanent vassmetta markene, som myr og sumpskog, i tillegg til elvar og innsjøar. I kystområde er også grunne bukter og viker inkludert. Samla skapar og tiltrekk våtmarkene eit stort biologisk mangfald, og difor utgjer dei svært viktige leveområde. Om lag 40 % av verdas biologiske mangfald er knytt heilt eller delvis til våtmarkar. Dette er ofte næringsrike og frodige område som òg menneske har stor nytte av.
Når våtmarka forsvinn
Om lag ti prosent av fastlandet i Noreg er våtmark, og mykje av dette er sterkt påverka av menneskeleg aktivitet. Mellom anna gjeld dette nedbygging, og drenering til skog- og jordbruksformål. Når vatnet blir drenert bort frå våtmarka, endrar heile grunnlaget seg, og naturtypen blir forringa, og viktige bruks- og leveområde for mange plantar, insekt og dyr blir redusert.

Buttsnutefrosk i torvmose (Foto: Bjørn Mo)
Myra: naturens superhelt
Myr er eit døme på ein våtmarkstype me har stor nytte av. Me har teke ut torv til brensel, isolasjon og jordforbetring, og me har drenert ho for å plante skog og åker, og for å få meir tomteareal. I moderne tid har me innsett at myra gir oss mange fleire tenester. Ei intakt myr er ein naturleg karbonfangar og lagrar meir karbon enn nokon annan naturtype i verda. Ho kan ha regulerande verknad på flaum og tørke, og ho reinsar og filtrerer vatn. Myra er ei naturbasert løysing for å imøtekoma klimaendringar. Ein auke av medviten om konsekvensane av å forringe myr og myrareal har medført at samfunnet freistar å restaurere myrareal. Det er òg foreslått lovendringar for å redusere faren for nedbygging.
Slik skapar me liv i myra igjen
Restaureringa av myr i Rogaland går framover. Svært mange av dei øydelagde og drenerte myrene ligg inntil dyrka mark eller skog i drift. Dette gjer det utfordrande å finne forringa myrer som kan førast attende til heilskaplege myrøkosystem utan å kome i konflikt med andre samfunnsinteresser. Difor er me alltid glade for naturengasjerte grunneigarar og rettshavarar som ønskjer å bidra. Myr som har vore drenert vil kunne restaurerast, t.d. ved å tette grøfter eller lage tersklar. Natur vil respondere raskt. Etter kvart vil det naturlege myrmangfaldet kome attende, karbontapet frå eksponert torv vil stoppe, og på sikt vil myra byrje å ta opp CO₂, slik at ho bidreg til å redusere klimautsleppa.

Myrhumleflue (Foto: Bjørn Mo)