Kartlegging av natur i Rogaland 2023

I mai vil Miljødirektoratet starte kartlegging av naturtypar for utvalde område i Rogaland. Totalt 211 kvadratkilometer skal kartleggast utanfor verneområde i år.

Publisert 12.05.2023

Biologar frå Ecofact vil dekke 101 km2  og Natur og Samfunn vil kartlegge 110 km2. I tillegg skal Miljøfagleg Utredning kartlegge innanfor 5 utvalde verneområde, totalt 19,6 km2.

 

Kart over område for kartlegging: Oversikt over områda som skal kartleggast i år; grøn = utvalde område for naturtypekartlegging, og blått = verneområde som skal kartleggast. Begge desse oppdraga er i regi av Miljødirektoratet. I tillegg vert det kartlagt areal for andre aktørar = oransje. Kartet gir ikkje fullstendig oversikt over desse områda då dei meldes inn fortløpande gjennom heile året.

Kvifor kartlegge natur?

Arbeidet er del av ein nasjonal kartlegging for å betre kunnskapsgrunnlaget om norsk natur, vedteke av Stortinget i 2015. Data som vert innhenta i felt vil mellom anna bli brukt i arealplanprosessar av ulike sektorar, etatar og kommunar. Det vil bidra til ein effektiv og lik handsaming slik at det blir lettare å ta rette avgjerder med omsyn til naturverdiane i regionen. Kartlegginga vil vere nyttig for grunneigarar, mellom anna om dei søkjar tilskot til tiltak for trua natur og kulturlandskap, eller støtteordningar som SMIL og regionalt miljøprogram (RMP).

Kva kartleggast?

Kartlegginga skjer etter Miljødirektoratet sin instruks (sjå lenke til høgre) som bygger på eit standardisert, naturvitskapleg system for omtale av natur; Natur i Noreg (NiN). Miljødirektoratet har valt ut 111 ulike naturtypar som skal kartfestast i heile landet. Av desse naturtypane er 83 raudlista (trua) i Noreg, og 28 er fastsett som viktige leveområde for trua og nær trua artar. Kartlegginga blir utført av fagbiologer med høg kompetanse og erfaring i naturtypekartlegging. Registreringane skjer ved at dei teiknar inn naturtypane på digitale kart i ein Ipad. I tillegg til naturtype skal kvar registrering ha ein vurdering av lokalitetskvalitet basert på tilstand og naturmangfald i lokaliteten. Kartlegginga skjer til fots, og områda som skal kartleggast kan innehalde både innmark og utmark.

I verneområda skjer kartlegginga etter Artsdatabankens kartleggings metode Natur i Norge (NiN) (sjå lenke til høgre).

Ferdige kart vil bli tilgjengelege via Naturbase,  Økologisk grunnkart og Temakart-Rogaland. I Temakart-Rogaland finner ein eksisterande informasjon om naturtypar etter Miljødirektoratet sin instruks i temalaget «Natur – Naturtyper-NiN».

Kven kan eg kontakte?

All ferdsel skjer i tråd med friluftslova og reglar for god ferdselskultur. Det kan vere naudsynt å gå på/langs innmarksareal. Om det er særskilte omsyn som må takast i samband med ferdsel, eller du ikkje samtykker til anten ferdsel på din innmark eller uttak av små mengder plantemateriale for identifisering, bes du kontakte Statsforvaltaren i Rogaland, sjå kontaktinformasjon.

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.