Verneregler og hensyn på Jærstrendene
Jærstrendene er eit av dei mest besøkte verneområda i Noreg. For å ta vare på den vakre naturen, er det viktig at alle som kjem på besøk viser omsyn. Her får du ei enkel oversikt over kva du bør vite.
Gåtur
Det er laga fleire merka stiar og turløyper langs kysten, både for å letta ferdsla for turgåarar og for å skjerma sårbar natur og gardsdrift. I nokre område med fuglefreding er ferdsel avgrensa, så ver merksam på skilt. Utover dette gjeld ordinær allemannsrett.
Det er bandtvang for hund heile året langs Jærstrendene. I beiteområde og fuglefredingsområde må hunden alltid vere i band kortare enn 4 meter. Sjå brosjyren "Med hund på tur" for meir info.
Takk for at du tar med deg søppel og at du ikkje startar bål på bakken i verneområdet. Holder me naturen fin, kan den nytes av fleire. God tur!
Parkering og fasilitetar
Det er om lag 15 parkeringsplassar med toalett og søppeldunkar langs Jærstrendene. Dersom det er fullt på parkeringsplassane, så er det i grunnen det. Ikkje parker ulovleg. Planlegg litt på førehand, og ha eit alternativ på lur.
På Orre og Kvassheim er det besøkssenter som har servering, informasjon, utstillingar og aktivitetar for besøkande. Sentra er ope i helgane og sommaren, men me tilrår å sjekke opningstider i forkant av besøket.
Bading
Jærstrendene har mange flotte badestrender. Ver forsiktig med utgåande straumar, dei er oftast der bølgjene er minst, fordi straumen som går utover dempar bølgjene. Det er derfor ofte tryggare å bade der bølgjene er størst.
Barnevogn, rullestol og anna tilgjenge
Ein er velkomen til å ferdast med barnevogn og vanleg rullestol (med/utan motor) langs Jærstrendene, men ver merksam på at mange av turstiane ikkje er tilpassa hjul.
Frilager tilbyr tilpassa framkomstmiddel til utlån for bruk på Sola og Ølberg. Har du behov for å bruke private hjelpemiddel tilpassa terreng (som hippocampe o.l.) må du søkje om dette, enten som engangsbruk, eller på en periode på opptil 5 år. Søknad skal sendast til: sfropost@statsforvalteren.no. Me har ikkje lov til å gje dispensasjon til bruk av ATV eller liknande motorisert ferdsel i verneområde på bakgrunn av tilrettelegging.
Arrangement
Konkurransar, bryllaup, festivalar og liknande på innanfor Jærstrendene landskapsvernområde krev godkjenning i forkant frå Statsforvaltaren. Sjå eige side for meir info. Skuletur med opptil to klassar eller kurs i mindre gruppar kan skje utan søknad.
Telting
Det er stort sett ikkje lov å setje opp telt langs Jærstrendene. Utanfor verneområda gjeld vanlege reglar for telting. Solskjerming og skiftetelt er tillate på vegetasjonslause strandflatar, men ikkje i oppi sanddynene.
Sport, ballspel og sykkel
Sport, ballspel og tilsvarande leik er tillate på vegetasjonslause strandflatar. Konkurransar krev søknad som arrangement.
Vass-motorsport, seglbrett, kiting, bølgesurfing og anna brettsport er forbode i fuglefredingsområde frå 1. november til 31. mars. Utanom forbodsperioden er det ikkje lov å forstyrre fugl i fuglefredingsområde.
Du kan sykle på bilvegar og turvegar langs Jærstrendene, men ikkje på stiar og i utmark. Andre hjulsportar er forbode i heile verneområdet.
Hest
Du kan ri på Sande, Sola, Hellestø, Sele, Bore, Kvalbein og Raunen, etter avtale med grunneigar. Ri på vegar og turvegar, og andre område der du med tryggheit ikkje kan ri over vegetasjon. Ri på dei breie stiane og ut på strandflata. Sulky og liknande transportabelt utstyr er ikkje tillate.
Plukking og sanking
Du kan plukke vanlege blomar og plantar til eige bruk, men du skal ikkje "reinske" eit område. Orkidear, strandkål, østersurt og andre sjeldne artar er freda. Tang, tare og stein er ikke lov å sanka på Jærstrendene. Plukking av plantar er forbode i plantefredingsområda med unntak av matsopp og bær til eige bruk.
Jakt og fiske
I fugleområde er all jakt forbode. Jakt på småvilt og fiske er elles lov etter avtale med grunneigar.
Har du spørsmål?
Me prøver å halde denne sida oppdatert med nyttig informasjon for besøkande til Jærstrendene. Har du spørsmål så send oss gjerne e-post: sfropost@statsforvalteren.no.