Kort om forvalting av bygg og innretningar langs Jærstrendene landskapsvernområde

Eit elektrisk anlegg i Jærstrendene landskapsvernområde, Foto: Statsforvalteren

Jærstrendene landskapsvernområde vart oppretta i 1977 for å ta vare på det unike kystlandskapet langs Jærkysten. Målet er å bevare natur- og kulturverdiane i området, samstundes som det skal vere tilgjengeleg for enkelt friluftsliv og naturopplevingar.

Publisert 28.10.2025

Langs Jærkysten finst mange ulike typar bygg og faste installasjonar, som naust, hytter, hamner, fjøs, bruer og skilt. For at summen av tiltaka ikkje skal endre landskapet på ein måte som tek merksemda bort frå kystlandskapet, er det nødvendig med tydelege reglar for kor og korleis nye tiltak kan gjennomførast.

Bevaring av landskapet

I utgangspunktet er alle tiltak som endrar landskapet forbode. For bygg gjeld dette til dømes nybygg, påbygg, erstatningsbygg og andre tiltak som går ut over vanleg vedlikehald. Forbodet omfattar òg etablering eller utviding av platting, hage, bod, gjerde, reklameskilt, med meir.

Det er likevel lov å skifte ut medtekne materiale, så lenge bygget/innretninga sitt utsjånad ikkje blir endra. Utover dette må ein søkje om dispensasjon.

Høve til dispensasjon

Ein dispensasjon er eit vedtak om unntak frå verneforbodet. Søknader om unntak frå lova vurderast strengt, og løyve blir berre gjeve dersom tiltaket er nødvendig og ikkje verkar negativt på vernet.

For byggesaker er eit sentralt krav at tiltaket ikkje aukar den totale byggemengda i verneområdet. I tillegg blir det stilt krav til utforming og utføring. Tiltak som bidreg til samlokalisering av bygg eller som erstattar og fjernar skjemmande bygg/installasjonar, blir rekna som positive tiltak for landskapet.

Innretningar på hjul

For innretningar på hjul som tilhengjarar og campingvogner, opnar regelverket for å vurdere dispensasjon i samband med kortvarige aktivitetar, til dømes dagsarrangement eller nødvendig anleggsarbeid. Det er derimot ikkje heimel for varig oppstilling av slike innretningar.

Behandling av samfunnsnyttige tiltak

Nokre grupper har eiga heimel for dispensasjon. Det betyr at dei må søkje på same måte som andre, men at vurderinga ikkje er like streng som for eksempelvis private eller kommersielle tiltakshavarar. Dette gjeld for:

  • Etablering av kritisk infrastruktur
  • Fiske- og landbrukstiltak
  • Forsvars- og kystverkstenester
  • Tiltak av allmenn friluftsinteresse

Med allmenne friluftsinteresser meiner ein i hovudsak utplassering av innretningar som gjerdeklyvarar, livbøyer, turskilt, toalettanlegg ved parkeringsplassar og tilsvarande nødvendige tiltak for friluftslivet.

Eit vern for både folk og natur

Vernereglane for Jærstrendene handlar ikkje om å stanse all aktivitet, men om å styre utviklinga slik at natur, kultur og landskap ikkje går tapt om presset blir for stort.

Gjennom nøye vurderingar og samarbeid mellom ulike styresmakter skal ein sikre ein balanse mellom bruk og vern, slik at kysten forblir eit verneverdig landskap for både folk og natur.

 

Har du planar om tiltak i verneområdet, men er usikker på om det krev søknad?
Send e-post til sfropost@statsforvalteren.no for avklaring før du set i gang.

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.