Denne veka kjem tilskotsutbetalinga

Totalt blir det betalt ut 11,5 milliardar kroner i produksjonstilskot og avløysartilskot. Utbetalinga inkluderer kompensasjonen på 754 millionar kroner som følgje av den ekstraordinære kostnadsauken på gjødsel og bygningsmateriale. 

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 16.02.2022

Landbruksdirektoratet betalar ut tilskotet onsdag 16. februar, og søkjarane vil normalt ha pengane på konto innan fredag 18. februar. Utbetalinga går til om lag 37 900 jordbruksføretak i Noreg.

Tal frå Rogaland

Det blir betalt ut om lag 1,6 milliardar til 4020 jordbruksføretak i Rogaland. Totalt har det kome søknader frå 4056 føretak, og av desse er 27 søknader avslåtte eller avviste og 7 søknader er framleis under behandling.

Det har vore ein nedgang i tal søknader frå søknadsomgangen 2020. Då kom det søknader frå 4086 jordbruksføretak, og det blei innvilga utbetaling til 4056 føretak. 

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.