Dårleg dyrevelferd kan få konsekvensar for produksjonstilskotet - oppfølging av dyrevelferdssakene frå 2024

Det er ein del sauehald blant sakene Mattilsynet har sendt over til landbruksforvaltninga i 2024. Her eit lite lam i ei besetning der alt verkar å vera bra. Foto: Statsforvaltaren i Rogaland

I dei mest alvorlege dyrevelferdssakene skal kommunen vurdera om dyrehaldet har rett på produksjonstilskot. I 2024 sendte Mattilsynet 19 dyrevelferdsaker til landbruksforvaltninga i Rogaland14 av desse sakene er følgt opp med eit avslag på tilskot.    

Publisert 09.12.2025

Det er Mattilsynet som forvaltar dyrevelferdslova med kontroll og tilsyn. Mattilsynet skal senda kopi av vedtak til kommunen og Statsforvaltaren når dei finn svært alvorlege brot på dyrevelferdsregelverket. Kva saker Mattilsynet skal senda landbruksforvaltninga er slått fast i ein avtale mellom Mattilsynet og Landbruksdirektoratet. Dette gjeld først og fremst saker der Mattilsynet fattar vedtak om aktivitetsforbod eller avvikling, eller saker der Mattilsynet klassifiserer dyrehaldet som eit kronisk dårleg dyrehald – det vil seie eit dyrehald der det er funne gjentekne, alvorlege brot på regelverket over tid.  

Kommunen følgjer opp sakene frå Mattilsynet med avslag på tilskot

Når kommunen får kopi av ei dyrevelferdssak frå Mattilsynet, må dei vurdera om husdyrhaldet kan reknast for å vera “vanleg jordbruksproduksjon med godt husdyrhald”. Kommunen skal ikkje på sjølvstendig grunnlag vurdera dyrevelferda, men skal nytta Mattilsynet sine vedtak og rapportar. Dei fleste sakene Mattilsynet sender kommunen vil føra til avslag på tilskot til produksjonen der det er funne alvorlege brot på regelverket. Avslaget vil gjelda husdyrtilskotet, eventuelt driftstilskot og avløysartilskot for den produksjonen der det er dårleg dyrevelferd.  
Dersom kommunen likevel vurderer at det er rett å betala ut fullt tilskot til eit føretak der dei har fått tilsendt dokumentasjon på at det har vore ei alvorleg dyrevelferdssak, vil Statsforvaltaren gjera ei ny vurdering av om det var rett.  

Oppfølging av dyrevelferdssaker frå 2024

I 2024 fekk kommunane og Statsforvaltaren oversendt 19 dyrevelferdssaker frå Mattilsynet. Dei fleste sakene gjaldt eit dyreslag, mens nokre saker gjaldt fleire dyreslag på same føretak. 12 av sakene gjaldt dårleg dyrevelferd hos sau.  

Desse sakene følgde kommunen opp i samband med utbetaling av tilskotet for 2024. To av føretaka søkte ikkje om produksjonstilskot, og sakene var difor ikkje aktuelle å følgja opp i tilskotssamanheng. Av dei resterande 17 sakene avslo kommune tilskot til aktuelt husdyrhald i 12 saker. I to av dei fem sakene der kommunen vurderte at det var rett å betala ut fullt tilskot, oppheva Statsforvaltaren kommunen sitt vedtak og fatta nytt vedtak om avslag på tilskot. Føretaket klaga på Statsforvaltaren sitt vedtak i begge tilfella, og sakene ligg til klagebehandling hos Landbruksdirektoratet.  

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.