Vinterskade på eng – det uvanlege året 2011 og fristar for 2012

Ein ny vekstsesong nærmar seg og tida er inne for å melde frå om eventuelle vinterskadar på eng. 2011 blei eit spesielt år med uvanleg mange skadar på eng. Aldri før har ein så stor del av erstatningsutbetalinga for vinterskade på eng gått til Rogaland.

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 29.03.2012

Ordninga med erstatning for vinterskade på eng skal redusere økonomisk tap som skyldast klimatisk forårsaka produksjonssvikt som det ikkje er mogleg å sikre seg mot. Historiske tal viser at Rogaland har hatt få utbetalingar etter denne ordninga, men året 2011 skil seg ut. Dette året var prega av ein uvanleg kald vinter kor spesielt isbrann førte til mykje skade på eng i fylket.

Ei nyheitssak som SLF nyleg la ut på sine nettsider om vinterskade på eng stadfestar dette. Oppdaterte tal viser at det har blitt utbetalt nærare 1,7 mill.kroner i erstatning til Rogaland for vinterskade på eng i 2011. Dette utgjer 37 % av den totale utbetalinga for 2011, og Rogaland er dermed det fylket som har fått utbetalt den høgaste erstatningssummen etter denne ordninga (figur 1). Til samanlikning blei det i 2010 utbetalt rett over 30 000 kroner. Fram til i fjor var dette den høgaste utbetalinga i Rogaland dei siste ti åra.

vinterskade 2011

Figur 1. Utbetaling av erstatning for vinterskade på eng 2011 fordelt på fylke

Til saman har Fylkesmannen behandla rundt 200 søknader om erstatning for vinterskade på eng i 2011.

Viktige fristar
Denne vinteren har vore meir normal, og det er truleg lite vinterskadar inneverande år. Fylkesmannen vil likevel understreke at dersom nokon skal søkje om erstatning for vinterskade på eng, må det meldast frå om dette til kommunen i god tid før utbetring, slik at kommunen kan kontrollere arealet. Dette er eit krav for å få utbetalt erstatning. Det er også eit krav at enga blir utbetra før søknad om erstatning kan sendast til kommunen, slik at den kan gje avling same år. Utbetring må skje før 15. juni og sjølve søknadsfristen er 15. juli.

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.

Kontaktpersonar