Nye forskrifter for erstatning ved klimabetinga skadar

Dei nye forskriftene skal gjere det lettare for brukarane å vurdere om dei har rett på erstatning. Sjølve modellen for utrekning av eventuelt erstatningsbeløp er også gjort enklare.

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 11.07.2012

Dei nye forskriftene gjeld frå 1. februar 2012. Erstatning etter klimabetinga skadar skal vere ei hjelp gjennom ein vanskeleg økonomisk periode for landbruksføretaka, og ikkje ei form for inntektsgaranti. Dette prinsippet kjem no tydelegare fram. Det går og betre fram kva for tap som er omfatta av ordninga. Tap i avlingsmengde kan erstattast, medan redusert produktkvalitet som følgje av ugunstig vêr som hovudregel ikkje er omfatta av ordninga.

Ny berekningsmodell
Den nye forenkla berekningsmodellen blir presentert i rundskriv 20/12 frå Statens landbruksforvaltning. Modellen skal gjere det lettare å forstå berekninga av erstatningsbeløpet.

Klimatisk årsak er presisert
Årsaka til skaden skal gå fram av søknaden, og som ein del av dette skal ein oppgje ein klimaprosent (den del av skaden som kjem av klima). Klimaprosenten blir bestemt etter at ein har vurdert om det er ugras, plantesjukdommar, dårleg drenering med meir som er årsaka, eller om det er klima som er årsaka til avlingssvikten. Kommunen skal ha fått melding om skade før hausting, slik at det er mogleg for dei og å vurdere kor mykje av skaden som skuldast klima, ugras, sjukdommar m.m.

Gjennomsnittsår ved berekning
Tal produksjonsår som skal leggast til grunn for gjennomsnittsproduksjonen for føretaket er uendra. Tidligare var regelen at alle år der det var mottatt erstatning for avlingssvikt kunne utelatast ved berekning av gjennomsnittsproduksjon. Nå kan berre eitt av dei siste seks åra før skadeåret utelatast og det er ikkje lenger eit vilkår at føretaket har mottatt erstatning for avlingssvikt. Tilsvarande gjeld ved berekning av gjennomsnittsproduksjon for honningsvikt og avlingssvikt i grovfôr på føretak med husdyr. Eitt av de siste fire åra før skadeåret kan takast ut av berekninga.

Melding av skade
Før ein søkjer om erstatning må ein melde skaden til kommunen. Melding av skade skal gjerast ”utan ugrunna opphald”. Det betyr i praksis at melding skal gis straks føretaket blir klar over at skade har eller vil kunne oppstå. Det blir ikkje gitt erstatning til føretak som ikkje har meldt skaden til kommunen. Kommunen skal kunne kontrollere skadeårsaka.

Satsar
Satstane er no standardisert ut frå nasjonal sats. I tillegg er det for enkelte produksjonar delt opp etter konsum og industri.

Nye meldefristar

  • Svikt i honningproduksjon - 31. august
  • Tap av innvintra bikuber - 15. mai
  • For planteproduksjon er det ikkje fastsett dato

Søknadsfristar

  • Ny søknadsfrist for ordninga ”Tapte innvintra bikuber” - 15. juli
  • Andre søknadsfristar er vidareført
  • Avlingssvikt - 31. oktober
  • Vinterskada eng - 15. juli
  • Svikt i honningproduksjon - 31. oktober

Søkjar er sjølv ansvarleg for å gjere seg kjent med regelverk og søknadsfristar.

Meir informasjon finn du i lenkjene under:

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.

Kontaktpersonar