Hugs søknadsfrist for produksjonstilskot i jordbruket 20. august

Søknaden kan leverast elektronisk via Altinn eller i papirformat til kommunen. Det er kommunen som behandlar søknaden, og som svarar på spørsmål om ordninga.

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 09.08.2016

Dei som søkjer om produksjonstilskot i jordbruket bør setje seg godt inn i regelverket for ordninga før dei søkjer. Informasjon om ordninga finn du på nettsidene til Landbruksdirektoratet. Her finn du også lenkjer til elektronisk søknad, rettleiingshefte, Jordbruksavtalen 2016-2017, og aktuelle forskrifter og rundskriv.

Trekk i tilskotet ved for sein levering eller endring i søknad
Søkjer du etter fristen 20. august, får du eit trekk i tilskotet på 1000 kr per dag etter fristen. Etter 20. september må du ha dispensasjon frå søknadsfristen for å kunne søkje. Har du søkt innan fristen, men ynskjer å oppjustere søknadstal i søknaden etter søknadsfristen, kan du gjere dette fram til 20. september. Ver merksam på at dette vil bli rekna som ein ny søknad, og det blir berekna eit trekk på 1000 kr per dag. Vi oppmodar difor søkjarane om å vere nøyaktige når dei fyller ut søknaden slik at opplysningane som blir sendt inn er rette.

Ta kontakt med landbruksforvaltninga i kommunen om du har spørsmål.

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.