Tema: Vernskog i Rogaland

Opp mot fjellet og ut mot havet tener skogen som vern mot ver, vind og naturskadar for annan skog, dyrka mark og bygningar. Kommunane i Rogaland har definert eigne grenser for kvar skogen tener som vern og reglar knytt til skjøtsel og hogst innanfor desse områda. 

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 23.11.2020, Sist endra 08.08.2022

Forvalting av vernskog

Føremålet med vernskogen er å gi vern mot naturskader som skred, steinsprang og flom, samt sikre forynging av ny skog og produksjon i klimautsette skogområde. Vernskog er eit formelt omgrep. Skogbruksmynde kan nytte vernskobestemmingane i skogbruksloven § 12 som verktøy til å regulera og ha kontroll med skogbruksaktiviteten i eit område der det er spesielt viktig å sikre at skogen opprettheld vern-funksjonen. 

Dagens vernskoggrenser i Rogaland blei vedtatt på 90-talet av kommunestyra og dei tidlegare fylkeslandbruksstyra. Grensene er ofte basert på verbale beskrivingar og kan variere mellom kommunar. Endringar i kommunegrensene påverkar ikkje vernskoggrensene. Dette medfører at ein del av eit samanhengande skogområde kan vere underlagt meldeplikt, mens ein annan del ikkje er det.

Vernskog i Rogaland

14 kommunar i Rogaland har i dag vernskog. Reglane er tilpassa kommunegrensene frå 1996. Oversikten over kommunar og lokale reglar kan lastast ned frå margen til høgre. Samtlege reglar inneberer meldeplikt ved planlegging av hogst, føringar for hogst og maksimal flatestorleik.

Skogeigar må sende melding til kommunen seinast tre veker før hogsten er tenkt sett i gong. Kommunen kan treffe vedtak om godkjenne eller avslå hogsten, eller sette vilkår for gjennomføringa. Om skogeigar ikkje har fått svar innan ei veke før hogststart, er den godkjent. Meldeskjema til kommunen ligg for nedlasting i høgre marg.

Ikkje spesielle reglar for tilskot

I utgangspunktet gjeld dei same reglane for tildeling av tilskot og bruk av andre økonomiske verkemiddel som i annan skog. Ut over dette kan den ansvarlege skogbruksmynde utforme tilskotsforvaltninga slik den finn den mest føremålstenleg innanfor dei lokale vernskogvedtaka.

Vernskog i kart

På karttjenesten www.kilden.nibio.no kan ein søke på vernskog og sjå vernskoggrensene for Rogaland. Det er ikkje alle grensene som ligg inne i denne karttenesta, og for å få ein meir detaljert beskriving av vernskoggrensene i den enkelte kommune anbefalar me å laste ned oversikten eller dei lokale bestemmingane i høgre marg. 

Kommunar med vernskogbestemmingar (kommunegrenser før 2020)

Kommune

Vernskog

Kommune

Vernskog

Kommune

Vernskog

Eigersund

JA

Sandnes

JA

Bjerkreim

NEI

Finnøy (gml)

JA

Sauda

JA

Bokn

NEI

Forsand (gml)

JA

Sola

JA

Haugesund

NEI

Gjesdal

JA

Stavanger

JA

Kvitsøy

NEI

Hjelmeland

JA

Strand

JA

Lund

NEI

JA

Suldal

JA

Rennesøy

NEI

Karmøy

JA

Tysvær

JA

Sokndal

NEI

Klepp

JA

Vindafjord

JA

Time

NEI

Randaberg

JA

 

 

Utsira

NEI

 

 

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.