Kalibreringsmøte med kommunane om resultatkartlegging

Arbeidet med resultatkartlegginga gir viktig informasjon over tilstanden og utviklinga i skogbruket. For å sikre god kvalitet på registreringane/kontrollen ble det den 23. september 2025 gjennomført eit av fleire faste møte med skogansvarlege i kommunane.

Publisert 24.09.2025

Det er kommunane som har hovudansvaret for gjennomføring av resultatkartlegginga/kontrollen i fylke, og der det trekkjast ut tilfeldig mellom 20-30 hogstfelt som er 3 år gamle kvart år. Her registrerast mellom anna korleis skogeigarane følgjer opp plikta til å få opp ny skog etter hogst og om nødvendige miljøomsyn har blitt ivaretatt.

For å sikre best mogleg kvalitet på registreringane så har dette kalibreringsmøte blitt et fast innslag før feltsesongen startar. Statsforvaltaren deltek også aktivt på 30-40 % av kontrollane saman med kommunane som eit ledd i arbeidet med kvalitetssikring og oppfølging av kommunane. I tillegg gir aktiv deltaking verdifull informasjon om det som faktisk skjer ute i det praktiske skogbruket.

Nytt av året er obligatorisk bruk av SKART digital registrering som skal effektivisere arbeidet.  

På møte ble det gått igjennom dei mest kritiske kontrollpunkta med størst fare for feilregistrering. Kva bør du innhente/sjekke av opplysningar før feltkontrollen. Vidare praktisk innhenting av data under feltkontrollen. Til slutt litt om etterarbeid - loggføring i ØKS og skriftleg rapport til skogeigar for ev vidare oppfølging.

Resultata frå 2024 blei også lagt fram – fig. 1. Tala for 2024 viser mellom anna at 38 % av hogstfelta står utan aktive tiltak på 3- årskontrollen. 45 % av kontrollarealet har tilfredsstillande forynging. 

Vedlagt finn du presentasjon frå Teams-møte.

Fig 1; Resultat fra kartlegginga 2024

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.