Tema: Skogsveg

For å utnytte skogressursane er det naudsynt å ha gode skogsbilvegar, og vegane er avgjerande for å driva eit konkurransedyktig skogbruk. Gode og framtidsretta vegløysingar uavhengig av eigedomsgrenser er sentralt for optimal utnytting av skogareala.

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 15.07.2020, Sist endra 20.07.2021

Statsforvaltaren skal medverke til at me i Rogaland har ein infrastruktur som sikrar ein effektiv og lønnsam hogst.

Vegdekninga i Rogaland er låg med litt over 5 meter skogsbilveg per hektar. Fylkestaksten viser at 55% av hogstmodent volum står lengre enn 500 meter frå nærmaste skogsbilveg. Det er utarbeidd hovudplanar for skogsvegar i fleire av dei større skogkommunane i Rogaland. Planane visar eit vegbyggingsbehov på 260 km. For å realisere behovet må ein bygge 17 km veg årleg i løpet av ein periode på 15 år.

Hovudplanar

Det er utarbeidd hovudplanar for skogsvegar i fleire kommunar. Hovudplanane visar behovet for infrastruktur og investeringar i den enkelte kommune. Dei er ei viktig rettesnor for styringa av dei økonomiske verkemidla og mobiliseringsarbeidet med å få til gode vegløysingar, gjerne felles for fleire eigedommar. 

Søknadsbehandling

Grunneigar må søke kommunen om løyve til bygging eller ombygging av landbruksvegar, herunder skogsbilveg. Det er kommunene som behandlar og godkjenner byggesøknadene, og som fattar vedtak. Statsforvaltaren har ansvaret for at kommunane følgjer opp regelverk og forskrifter for bygging av landbruksvegar. Alle vedtak om bygging av skogsvegar skal sendast til Statsforvaltaren til orientering. Statsforvaltaren er også klageinstans for dei kommunale vedtaka om godkjenning av landbruksvegar. 

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.