Felles retningsliner for tilskot til skogsvegar er nyleg revidert

Statsforvaltaren har i samarbeid med kommunane og skognæringa utarbeidd felles retningsliner for prioritering av tilskot og rutinar for saksbehandling gjeldande frå 01.01.2022.

Publisert 09.05.2022

Statsforvaltaren har vore sekretær for arbeidet. Dei felles retningslinene gjeld for alle kommunane og skal bidra til lik praktisering uavhengig av kommunegrenser. Det er også ei viss harmonisering av tilskotssatsar mellom fylke. Du kan laste ned retningslinjene her. Du finner dem også som vedlegg til denne artikkelen.

Kva er nytt

Føringane for tilskot til Skogsvegar og taubaner o.a. frå 2020 er i stor grad vidareført. Følgjande er endra:

Taubane: Satsane er auka i tråd med kostnadsutviklinga. I tillegg er det prioritert ytterlegare auke i tilskotsatsane på bruk av taubane i furu- og lauvskog. For banestrekk over 150 meter er ein no oppe i 300 kr/m3 for furu og 350 kr/m3 for lauv. For gran er satsen auka til 140 kr/m3. Krav til minimumsalder ved hogst av gran litt fast.

Driftsstøtte: Det kan gis driftstilskot til hogst av furu- og lauvskog til styrking av eksisterande veginvesteringar som bidrar til vesentleg auke i skogproduksjon gjennom treslagsskifte. Dette skal skje gjennom fortetting og betre arrondering i tilknyting til eksisterande plantefelt og veganlegg med minimum vegstandard skogsbilveg klasse 4. Her er satsane auka til 100 kr/m3 for furu og 150 kr/m3 for lauv ved hogst av minimum 10 dekar.

Kommunane oppfordrast til å forankre og marknadsføre endringane.

Skjema for søknad om tilskot og sakshandsaming

LDIR-903 Søknad om tilskudd til vegbygging

LDIR-904 Rekneskapssamandrag for skogsveganlegg

LDIR-913 Skjema for resultatkontroll av skogsveier

LDIR-916 Skjema for søknad om tilskot til drift med taubane, hest o.a.

Retningslinjer ved fordeling av statstilskudd til skogsveier - poengskjema

 

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.