Anbefalt kostnadsnivå for skogskjøtsel og juletreproduksjon

Ett år gamle granplanter i planteskolen.
Ett år gamle granplanter i planteskolen. Foto: Birgit S. Hagalid.

Her finn du anbefalt kostnadsnivå og anbefalt maksimalnivå for kostnadar knytt til skogbruk, juletre- og pyntegrøntproduksjon i Rogaland.

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 24.08.2021

Før vedtak om NMSK-tilskot og utbetaling av skogfond til skogkulturtiltak, skal kommunen vurdere om kostnadane er innanfor normalområdet og/eller i samsvar med omfanget og kvaliteten på arbeidet.

Riktig kostnadsnivå skal sikre rett og best mogleg utnytting av tilskotsmidla og bruk av skogfondet til skogeigaren med 85 % skattefordel.

Anbefalingar for riktig kostnadsnivå

Anbefalingane skal gjenspeile kva som er skogfagleg tilrådde kostnadar og sikre mest mogleg lik praktisering i kommunane. Satsane er retningsgjevande og ikkje absolutte. Tilhøva rundt det enkelte tiltak kan variera mykje, og satsane må brukast med dette som bakgrunn. Kommunen må vurdere kva som er riktig kostnadsnivå for eit tiltak ut frå mellom anna tilhøva på feltet.

Gjeldande satsar er utarbeidd i dialog med dei skogansvarelege i kommunane og næringsaktørane som opererer i Rogaland. Satsane blir vurdert årleg og revidert ved behov.

Anbefalt kostnadsnivå for skogkulturtiltak i Rogaland 2021.pdf

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.