Resultat frå 100 år gamle produksjonsforsøk i skog

Bilde av Auestad forsøksskog
Bilde av Auestad forsøksskog Foto: Nibio Hans Nyeggen.

Etter 100 år viser skogen svært god produksjon og utvikling for enkelte treslag og provenienser. Granartane og spesielt sitkagran visar overlegen produksjon og CO2-binding.

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 19.05.2022

Om forsøket

For 100 år sida etablerte skogforskinga eit stort forsøksfelt på Auestad i Gjesdal for å undersøke skogproduksjon og skogetablering med ulike treslag. NIBIO har no publisert ein rapport som oppsumerar arbeidet og resultata – rapport vol. 8, nr 63 2022 «Hundre år og eitt omløp i forsøksskogen».

I 1921 kjøpte Vestlandets forstlige forsøksstasjon 340 dekar av utmarka på Auestad i Gjesdal for å gjere vitskaplege produksjonsforsøk med ulike treslag. Forsøket omfattar vanleg gran, sitkagran, engelmannsgran, blågran, vanleg furu, bergfuru, vrifuru, europeisk edelgran, douglasgrann, nutkasypress, europeisk lerk vestamerikansk hemlokk og dunbjørk. Forsøksarealet er på 120 dekar av totalt 340 dekar. Rogaland Skogselskap er eigar av eigedomen i dag.

Resultata

Forsøka er systematisk følgt opp og revidert med jamne mellomrom, med eit middelintervall på 6 år. Resultata viser svært god produksjon og utvikling for enkelte treslag og proveniensar, der granartane og spesielt sitkagran viser overlegen produksjon og CO2-binding.

Dei eldste og beste forsøka med sitkagran viser ein totalproduksjon (stammevolum) på 150 m3/daa og eit ståande volum i dag på nærmare 125 m3/daa. Tilveksten er framleis svært høg, sjølv etter 100 år så er løpande og årleg tilvekst på 2,4 m3.

Utgangspunktet var snaumark, og i all hovudsak areal med røsslynghei, og ligg på Høg-Jæren 240 – 310 m.o.h. på næringsfattig grunn.

Mange forsøk lang kysten 

Langs kysten er det etablert mange slike forsøk, og berre i Rogaland nærmare 100 slike produksjonsforsøk med uttesting av ulike treslag og proveniensar. Desse produksjonsforsøka gir oss nytting kunnskap om produksjon og kvalitet, men og for å vurdere kor effektive og gode dei ulike treslaga er som klimatiltak.    

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.