Ny hovudplan for skogbruksplanlegging
Ny hovudplan for skogbruksplanlegging med miljøregistreringar i Rogaland skal trekke opp hovudlinene for skogbruksplanlegginga i fylket dei neste 10 åra. Planen er utarbeida i samarbeid med skogeigarane sine organisasjonar og kommunane, og er eit viktig grunnlag for prioritering av tilskotsmidlar.
Hovudplanen inneheld ei statusoversikt, konkret handlingsplan for framdrift i aktuelle område dei nærmaste 3-4 åra, og ei skisse til framdrift i den resterande delen av 10-årsperioden (2019-2028). Hovudplanen er eit styringsverktøy for å prioritere tilskotsmidlar til nye takstprosjekt. I GEOVEKST-samarbeidet vil også planen vere eit nyttig verktøy for å prioritere/koordinere, og sikre tilgang til oppdaterte flybilde og laserdata i kommande skogbruksplanprosjekt.
Ny hovudplan for skogbruksplanlegging med miljøregistreringer blir eit vedlegg til Regionalt bygdeutviklingsprogram (RBU).
Kontaktpersonar
-
Stein Bomo
Tlf: 51 56 89 72