Mobilisering for gode fellesløysingar på skogsveg

Rogaland er eit fylke med låg skogsbilvegdekning, der det er store behov for felles vegløysninger over eigedomsgrenser. Prosjektet "Gode skogsvegløysningar i Rogaland" er inne i sitt tredje år, og viser at mobilisering og vegplanleggarkompetanse er effektive bidrag for å realisere framtidsretta vegløysningar i kommunane

 

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 20.02.2019

Langsiktig arbeid

Realisering av kommunane sine hovudplanar for skogvegbygging er tidkrevjande arbeid, og krev mobilisering for å få gjennomslag for dei beste vegløysingane. Situasjonen i dag er at mange kommunar står utan skog- og vegkompetanse til å ta tak i dette viktige arbeidet. Vegplanleggjarane blir difor nøkkelpersonar for å drive fram gode skogsvegløysingar i samarbeid med kommunane.

Gode resultat

Prosjektet «Gode skogsvegløysingar i Rogaland 2017–2019» gir frukter. Målet med prosjektet er å realisere flest mogleg av kommunane sine hovudplanar, i samråd med skogeigarar og kommunen sine skogansvarlege. Prosjektet har så langt vore involvert i totalt 26 vegprosjekt rundt om i fylket. Det er fleire større fellesanlegg på gang og under bygging, som Fylkesmannen har følgt opp med tilskot.

Mobilisering og områdeplanar

Mobiliseringsarbeid og prosjektering av større skogsveganlegg har førsteprioritet i prosjektet. Prosjekteringsarbeidet blir fakturert fullt ut mot skogeigarane. Det er likevel slik at det er mobiliseringsdelen og utarbeiding av områdeplanar som tek mest tid. Større veganlegg med mange interessentar krev lang modningstid for å få gjennomslag, der det gjerne må gås fleire rundar rundt ulike alternativ - både trasear og kostnadsfordeling.

Kombinert stilling 50/50

Prosjektleiaren kombinerer 50 prosent stilling på vegplanlegging med 50 prosent skogforvaltningsoppgåver i Hjelmeland kommune. Vi ser at eit slikt samarbeid er nyttig, der prosjektleiar får fordel av å ha eit nettverk og kompetansemiljø på landbruk rundt seg. Forvaltningsoppgåvene på skogområde passar godt inn i kommunen sitt arbeid med å utvikle eit godt og framtidsretta skogsvegnett.

Kortsiktige løysingar og behov for vegplanleggjarar

Vi ser dessverre litt for ofte at iveren etter hogstoppdrag frå tømmerkjøparane går ut over det å få på plass gode vegløysingar før hogst. Det er vanskeleg å kome inn i etterkant då skogen og grunnlaget for vegen er borte. Behovet er stort for nøytral rettleiing og informasjon ut til skogeigarane, for å sikre gode og framtidsretta løysingar. Vegplanleggjarstillingane er prosjektbaserte løysingar med kort tidshorisont – maks 3 år. Vi ser absolutt behov for meir permanente og varige løysingar for å sikre rekruttering av kompetent personell, og gjennom det sikre god bruk av tilskota til infrastrukturtiltak.

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.