Landbruksbygg i tre er smartare enn mange trur

I siste jordbruksoppgjer blei avtalepartane samde om å gi ekstra tilskot ved investering i landbruksbygg i tre. I 2020 kan du til få inntil 20 prosent av ordinært innvilga tilskotsbeløp og maksimum 400 000 kr.

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 02.12.2019

Det er mest av omsyn til klima det blir stimulert til trebygg. For å kunne få full utmåling, må du bruke tre i vegg- og takkonstruksjon. Tre i kombinasjon med andre material kan gi ekstratilskot på inntil 10 prosent. Dei nye satsane gjeld frå 1. januar 2020.

I 2013 innførte Rogaland ordninga med ekstra stønad til bygg i tre. Dei siste fem åra har satsane lege på inntil 10 prosent av ordinært innvilga tilskotsbeløp og maksimum 150 000 kr. Det er altså snakk om ei vesentleg opptrapping.

Fleire omsyn talar for bygg i tre

Ved å bruke tre som byggemateriale, er det ikkje berre gode tilskotsatsar som kan freiste. Det er nemleg berre ein bonus blant mange gode eigenskapar som materialet har. Tre er eit lettare materiale enn både stål og betong. Du kan difor redusere bruken av betong til fundamentering.

Skarpe lydar frå innreiing og andre tekniske installasjonar i eit fjøs kan opplevast negativt for folk, og ikkje minst dyra som skal opphalde seg der. I trefjøs blir problematikken minimal då trematerialar er akustisk dempande.

Tre har god isoleringsgrad og termiske eigenskapar som passar godt med storfe og småfe sine behov. Det kan gi sparte kostnader til isolasjon. Under kalde periodar gir trebygg isolerande effekt, og på varme sommardagar kjølande effekt.

Trevirke vil lagre og transportere bort fukt. Dette gjer at me ikkje vil oppleve eit fuktig og rått innemiljø i form av at det «slår seg» på dei råare dagane som me har her vest haust- og vinterstid.

Ammoniakk-målingar gjennomført av TINE i fleire av ulike materialar viste at trefjøs med skrått tak og naturleg ventilasjon hadde null innhald av ammoniakk i lufta (Øyen & Eide, 2013).

Klima står sentralt

Sist, men ikkje minst, har trebygg den gode eigenskapen at det fungerer som ein CO₂- bank. Skogen bind CO₂ og når det blir sett opp nye bygg i tre, kan ny skog plantas for å fange opp enda meir CO₂. Det blir lagra 0,8 tonn CO₂ per kubikkmeter konstruksjonsvirke i bygget sin levetid. Når tre erstattar mindre miljøvenlege materialar reduserast utsleppa med 0,8 tonn CO₂ per kubikkmeter. Samla gevinst ved bruk av tre er 1,6 tonn CO₂ per kubikkmeter. 

Tremateriala kan resirkulerast og/eller demonterast og bli bygd opp igjen ein annan stad. Eller i det minste bli nytta som biobrensel. Då er me godt inne i den mykje omtala framtidige, sirkulære bioøkonomien som gir berekraftige fjøs med eit minimalt klimatisk avtrykk. Det er både landbruket og kloden godt tent med.    

Ta gjerne kontakt!

Me har engasjert Daniel Breivik til å promotera trefjøs i Rogland, han har god kompetanse på området. Har du tankar om nytt fjøs, nytt dette høvet for gode råd om å bygga i tre.

Referansar

Skjølberg, P. O. (2018). Landbruksbygg i tre: Funksjonelle og klimasmarte bygninger. Trondheim: Norsk Landbruksrådgiving.

Øyen, O. & Eide, S. (2013). Fokus på tre Landbruksbygg. Tilgjengeleg frå: http://www.trefokus.no/resources/filer/fokus-pa-tre/Fokus_nr_56_t9e52.pdf

 

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.