Tema: Planting av skog

Å forynge skogen er å sørge for at det kjem opp ny skog etter hogst. Dette er eit av dei viktigaste tiltaka skogeigaren gjer i skogen. Ved å forynge sikrar ein ny produksjon, økonomi og tilgong på råstoff i framtida.

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 02.07.2020, Sist endra 20.07.2021

Forynging av skog

Skogen blir forynga gjennom planting, såing eller naturlig forynging, der planting er den mest brukte metoden. I forkant kan ein markberede for å lage gode planteplassar og legge til rette for betre etablering for plantene. I nokon tilfelle vil det vere nødvendig å supplere ved å plante inn fleire planter i etterkant for å sikre eit tilfredsstillande plantetal på arealet.

Krav til skogeigar 

Skogeigaren har plikt til å sørge for tilfredsstillande forynging på eit hogstareal, og tiltak må settes i verk innan tre år etter hogst, jamfør skogloven og forskrift om berekraftig skogbruk. Forskrifta skildrar kor mange planter ein bør ha per dekar for eit gitt treslag for å legge til rette for god forynging. I tillegg må plantene ha etablert seg godt på feltet og overvunne konkurransen frå annan vegetasjon før ein kan kalle feltet tilfredsstillande forynga

Kontroll av plantefelt og plikta til å forynge

Kommunen har ansvar for å handheve plikta til å forynge og gjennomfører årlege kontrollar. Kommunen skal også kartlegge om hogst og forynging er gjennomført i samsvar med reglar og retningsliner. 

Foryngingskontroll

Manglande forynging etter hogst har fått mykje politisk merksemd, og overordna skogstyresmakter har skjerpa inn kravet til kontroll og oppfølging. Kommunen skal difor gjennomføre kontroll på 3 år gamle hogstflater der det ikkje er registrert tiltak for å forynge arealet. Kontrollen gjeld flater der det er hogd minst 250 m3 med gran. Kontrollen har følgande saksgong:

1) Varsling. Kommunen sender varsel til skogeigar om kontrollen. Skogeigar blir bede om å sende inn eigenmeldingsskjema med informasjon om kvifor arealet ikkje er forynga.

2) Feltkontroll. Kommunen gjennomfører kontroll av feltet om status for feltet fortsatt er uavklart etter mottatt eigenmedlingsskjema frå skogeigar, eller dette ikkje er blitt sendt inn.

3) Tilråding. Kommunen sender skriftleg rapport til skogeigar med tilråding om tiltak. Kommunen kan vurdere å pålegge skogeigar å gjennomføre tiltak.

4) Utvida kontroll. Om det ikkje blir gjennomført tiltak kan det vere behov for utvia kontroll. Kommunen hentar då inn meir data frå plantefeltet, og må igjen vurdere å pålegge tiltak. Kommunen kan fatte vedtak om å gjennomføre tiltak for skogeigar si rekning. 

Resultatkartlegging

Under resultatkartlegginga synfarer kommunen 3 år gamle hogstflater og registrerer informasjon om feltet. Føremålet er å kartlegge om hogst og forynging har skjedd innanfor rammene av eit berekraftig skogbruk som sikrar miljøverdiar, aktiv forynging og oppbygging av ny kvalitetsskog. Kommunen kontaktar skogeigar for synfaring av feltet. I etterkant sender kommunen skriftleg rapport frå synfaringar med eventuelle forslag til tiltak om synfaringa visar at dette er nødvendig. 

Bruk av riktig plantemateriale

Statsforvaltaren har ansvar for å kontrollere at treslag og proveniensar blir nytta etter gjeldande reglar og på ein skogbruksfagleg forsvarleg måte. For at kvaliteten og produksjonen i skogen skal vere så god som mogleg må plantematerialet vere tilpassa klimaet, lengda på vekstsesongen og sesongvariasjonane på plantestaden.

Skogfrøverket er leverandør av frø til planteproduksjon for skogbruket i Noreg, og gir rettleiing i bruken av skogplanter. Skogfrøverket driv også med foredling av fleire treslag. Forskinga viser at ein kan rekne med 10 - 15 % auke i virkesproduksjonen om ein bruker foredla plantemateriale av gran samanlikna med planter frå vanlege skogbestand.

Finansiering av forynging

Ein kan bruke midlar frå skogfondskontoen til å finansiere tiltak for å forynge skogen. Ein får då skattefordel på dei midlane ein tek ut av fondet. Mange kommunar har også tilskotsordningar. 

Omdisponering av skogareal til anna føremål

Om skogeigar ynskjer å nytte eit skogareal til anna føremål vil dette i mange tilfelle vere søknadspliktig. Omdisponering til anna landbruksføremål er søknadspliktig om det er naudsynt med oppdyrking av arealet. Omdisponering til beite er ikkje søknadspliktig då dette ikkje krev slike inngrep.

Jamfør skogbrukslova og berekraftsforskrifta skal skogeigar sørge for tilfredsstillande forynging etter hogst, og tiltak for å sikre forynging skal settast i gong innan tre år etter hogsten. Kommunen kontrollarar forynginga på tre år gamle hogstfelt og om skogeigar ynskjer å bruke arealet til beite vil kommunen gjere ei vurdering av om arealet reelt er tatt i bruk til dette føremålet.

Det er fyrst når arealet reelt er tatt i bruk til beite at kommunen kan omdisponere frå skogbruk- til jordbruksføremål. Så lenge arealet er skogbruksareal vil foryngingsplikta gjelde og kommunen kan pålegge skogeigar å sette i verk tiltak for å forynge arealet.

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.