Endring i bærekraftsforskrifta

Foto: Atle Aasberg Hellumbråten

Målet med endringane er å styrke arbeidet med forynging etter hogst for å auke skogproduksjon og CO2 opptak i skog. Endringane gjeld frå 1. januar 2024.

Publisert 22.02.2024

Bakgrunn

Forskriftsendringa er ei direkte oppfølging av Meld. St (2020) Klimaplan for 2021-2030 vedtatt av Stortinget med mål om å auke langsiktig skogproduksjon og CO2 opptak. Endringane gjeld i hovudsak presiseringar av bereforskrifta sine reglar om forynging etter hogst, jf.  §§ 5, 6, 7 og 8 i Forskrift om berekraftig skogbruk - Lovdata.

Tydlegare reglar

Endringane skal gjere det lettare for kommunen å vurdere om foryngingsplikta er oppfylt eller ikkje, og såleis sikre enklare oppfølging av foryningsplikta og eventuelle brot på regelverket.

I den nye forskrifta er det presisert at det berre er bartre som tel der kor det tidlegare var barskog. Naturleg lauvoppslag aksepterast ikkje som tilfredsstillande forynging der det frå før har stått meir enn 50 % med barskog, med mindre det føreligg godkjenning frå kommunen. Dette for å sikre at skogeigar tek bevisste val og har ein plan for forynging og stell av lauvskogen.

Kva betyr endringane for skogeigar og kommunen

Skogeigar må søke kommunen om godkjenning når:

  • forynging skal skje med lauvtre der bartre utgjer over 50 % av volumet før hogst
  • forynging skal skje med andre treslag i edellauvskog (unntatt i eikeskog på låg og middels bonitet)

Søknaden må sendast kommunen innan seks månader etter hogst, og endringane gjeld frå 01.01.2024.

 

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.