Ungdommar inn i framtida

Det vil bli stor mangel på yngre kvinner og menn med skogfagleg utdanning dei neste tjue åra. Særleg langs kysten. Skognæringa og skogforvaltninga har difor sett i gong ulike tiltak for å betra situasjonen.

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 07.01.2014

Vel Skog Vest er eit prosjekt i Rogaland og Hordaland som skal bidra til å auke rekrutteringa til skogfag på alle nivå frå vidaregåande til universitetsutdanning.  

Mangel på kompetanse

Grunnen til prosjektet er mangel på folk med kompetanse innan skog. Og folk flest veit lite om kva moglegheiter som finst i yrkje og utdanning innan skog. Vel Skog starta som eit nasjonalt prosjekt etter at det blei klart at det var altfor få søkjarar til skogfag over heile landet, og at det var ein mangel på unge folk, og spesielt kvinner, i skognæringa. Rogaland og Hordaland er ikkje noko unntak her.  

Fylkesskogsjef Lars Slåttå som sit i styringsgruppa til prosjektet, og var ein av initiativtakarane bak prosjektet, seier at «Det er heilt klart eit behov for meir informasjon om skognæringa som fag og arbeidsplass.» Han held fram: «Vi håper at nokre kloke, unge hovud frå Rogaland og Hordaland får lyst til å studere skogfag, slik at vi får utnytta denne fantastiske ressursen som står her og er klar for den framtidige bioøkonomien.» Og kva meiner han med «bioøkonomi»? «Det er ein måte å bruke biologiske ressursar på ein berekraftig måte, for å løyse utfordringane knytt til befolkningsvekst og ressursmangel. Med ein bioøkonomisk tankegang vil skog vere ein av dei viktigaste ressursane vi har.»

Gerd Inger og Erik på speidarlandsleir

Skogfag er ukjent

Prosjektkoordinator Gerd Inger Aarnes har vore mykje ute og farta siste året. Vel Skog Vest har deltatt på fleire utdanningsmesser, samlingar for skulerådgjevarar, speidarlandsleir og andre arrangement. Der opplever vi at det er mange som aldri har tenkt på at det går an å jobbe med skog. Og dei fleste veit ikkje at det går an å studere skogfag heilt opp til doktorgradsnivå i Noreg. Det er difor ei spennande utfordring å få Vel Skog til å synast i virvaret av tilbod som ungdommane får servert.

Vel Skog Vest fortel ungdommane at skogen og skognæringa er ein framtidig arbeidsplass. Det vil bli tatt ut mykje skogsvirke dei neste tiåra, noko som krev høg kompetanse i mange ledd. Dessutan er tre eit fullverdig alternativ til olje. Alt som kan produserast av olje, kan i prinsippet også bli laga av tre. Den store forskjellen er at bruk av tre i dei fleste samanhengar er tilnærma klimanøytralt. 

Kontaktperson: Gerd Inger Aarnes, prosjektkoordinator, mob. 952 10 357,gerd@skogselskapet.no

 

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.

Lenkjer