Tredrivarsatsing i Rogaland

Fredag 15.september skal gode kreftar møtast for å jobbe for ein ny tredrivar i Rogaland. Tredrivaren skal jobbe for auka bruk av tre i regionen.

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 13.09.2017

Bruk av tre er eit klimavenlegt tiltak, da dette materialet er mindre klimabelastande enn andre material, som stål og betong. Trær tek opp CO2 og nyttar karbonet (C) som byggeklossar og slepp ut oksygen (O2). Med andre ord bidreg skogen til å redusere CO2 i atmosfæren, produsere rein luft og er eit material som vi kan nytte på mange måtar. No vil både næring, forvaltning og politikere samle kreftar for å løfte fram tre,  som eit berekraftig materiale gjennom ein tredrivar.

Kva er ein tredrivar?
Ein tredrivar jobbar for å auke bruken av tre. Tredrivaren jobbar som mobilisator og sparringspartner for dei som ønskjer å vite meir om støtteordningar ved bruk av tre, og utviklingsmogelegheiter.

Kven er involvert?
For å få ein best mogeleg løysing, er både forvaltning, næring og politikere involvert i prosessen. Det blir også henta erfaring frå andre fylker som har hatt liknande ordningar.

Ønskjer du å vite meir om tredrivarordninga? Finn ut meir hjå Innovasjon Norge.

 

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.

Kontaktpersonar