Skogselskapet og 4H Rogaland flytter til Pedersgata

Skogselskapet i Rogaland har kjøpt kontorlokale i Pedersgata i Stavanger. Her dei vil bygge opp eit fellesskap saman med blant anna 4H Rogaland. Skogselskapet, Hageselskapet og 4H er organisasjonar som i lange tider har hatt fast kontorplass hos Fylkesmannen, men som må finne nye lokale når ordninga blir avvikla.

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 04.01.2016

Slutt på historisk ordning

Ordninga med gratis kontorplass og utstyr har eksistert sidan 1950 talet då det var eit tett samarbeid mellom organisasjonane, og dei dåverande fylkeslandbrukskontora. Det gode samarbeidet mellom Skogselskapet og Fylkesmannen i Rogaland har halde fram med mellom anna faste møtepunkt, og godt samarbeid mellom fagpersonar. 

I 2014 varsla kommunalminister Jan Tore Sanner at ordninga skulle stoppast. Sanner kalte ordninga for «uryddig» på grunn av blanding av roller. Dessutan peika han på sikkerhetsmessige årsaker. Dei frivillige organisasjonane protesterte, men utan at det hjelpte. Avviklinga skal skje innan 1. juli 2016.

Nye kontorplassar i Perdersgata 32c

No har Skogselskapet inngått ein kjøpsavtale om eit lokale i Stavanger, nærare bestemt Pedersgata 32c. Her skal dei bygge opp eit kontorfellesskap, med blant anna 4H Rogaland og gjerne andre frivillige organisasjonar. 
- Vi leiker med tanken om å kalle det for skogens hus, og gleder oss over å ha fått lokale som er synlege for omverda, seier dagleg leiar i Skogselskapet, Erik Faye-Schjøll. Han legg til: - Den korte vegen mellom Statens hus og våre nye lokale håper eg vil bidra til at det gode samarbeidet med Fylkesmannen kan halde fram også etter utflyttinga frå Statens hus.

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.