Skogsamling: Berekraftig skogbruk - samarbeid og prioritering av innsats i 2017
8. februar møtte skogforvalting, næring og organisasjonar kvarandre på Statens Hus for å diskutere aktuelle satsingsområde i 2017. Skogkultur og ny miljøstandard var hovudtema.
Fleire aktuelle tema vart diskutert denne dagen, mellom anna utfordringa med manglande forynging etter hogst. Betre samarbeid mellom forvaltinga og næringa er viktig i arbeidet med å følge opp foryngingsplikta, og mange gode løysingar for dette blei presenterte.
Skogselskapet i Rogaland presenterte også sitt nye prosjekt Skogen - det grønne gull som eit døme på opplæring og informasjonsarbeid ut mot skogeigarar.
Thomas Husum frå PEFC Norge fortalte om nye endringar i miljøsertifiseringssystemet PEFC, med spesielt fokus på Vestlandsskogbruket. Skogeigarorganisasjonen Vestskog SA følgde opp med å fortelle om korleis dei arbeidar med miljøomsyn
Presentasjonane frå dagen finn du på lenka under.