Skogkvinner på rogalandsbesøk

Første helga i september var 30 skoginteresserte damer samla for det årlege treffet med landsmøte og temakonferanse i organisasjonen "Kvinner i Skogbruket". I år stod fylkeslaget i Rogaland for arrangementet, og dei kunne saman med skogforvaltning- og næring vise fram vårt flotte og varierte fylke.

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 13.09.2017

Etter eit vel overstått landsmøte, kunne fylkeslaget i Rogaland ta fatt i temaet "Nær og ny næringsutvikling", der skogbruk sjølvsagt stod i fokus.

På rundtur i Rogaland

I strålande sol fikk deltakarne besøke juletreprodusenten Edelstjerne v/Olav Ravnås. Ravnås har gjennom fleire år fått heder for Noregs vakraste juletre, og har ein stor produksjon i Strand kommune. Han fortalte om arbeidet som krevast, og at engasjement for arbeidet er det allar viktigaste før ein startar.

Turen gjekk vidare til Preikestolen Fjellstue, der Stavanger turistforening fortalte om massivtrehytta som ble tegna av arkitektfirmaet Helen&Hard. Hytta er prisbelønt, og har fått stor merksamd både nasjonalt og internasjonalt.

Massivtrefjos er svært aktuelt i Rogaland, og Rune Skjørestad frå Riska Sag ga gruppa god innføring i alle detaljar som må med for å utvikla eit best mogeleg fjos.

Foredrag i vakre omgivnadar

Arrangementet vart avslutta med ein dag på Mostun Natursenter. Der har Naturvernforbundet i Rogaland bygd eit nytt lokale, med materialer av furu frå Suldal. I flotte omgivnadar fikk deltakarne innblikk i skogbruk på Island ved Sigríður Júlía Brynleifsdóttir, direktør i Skógræktin. Vidare ga Elisabeth Schmidt, skogrådgivar hos Fylkesmannen i Rogaland, eit dypdykk om den skogen i Rogaland. 

Arrangementet viste at Rogaland er eit variert skogfylke, og at berre fantasien sett grensar for kva slags næring som kan utviklast i regionen.

Ønskjer du å vite meir om Kvinner i Skogbruket? Det finn du deira nettstad eller Facebookside.  

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.