Skogen i Rogaland lite skada av stormen Nina

Mange enkelttre er velta over store delar av fylket, men økonomisk er det lite omfang på skadane. Dette er den førebels konklusjonen etter tilbakemeldingar frå kommunane og nøkkelpersonar rundt i fylket.

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 15.01.2015

Skogen i Rogaland ser ut til å ha klart seg rimeleg bra etter herjingane frå stormen Nina. Det er meldt om flest skadar i Suldal og Vindafjord. Spesielt i Sør-Rogaland er skadane avgrensa. Det er likevel over heile fylket ein god del enkelttre og mindre holt som har blåst ned.

Det er også ein god del skader i parkar og parkliknande skog. Mellom anna er det rapportert om skader i det populære friluftsområdet i Melsheia i Sandnes. Her er det også ein del nytynna skog som har fått hard medfart.

Skogbrand

Også forsikringsselskapet Skogbrand melder om relativt få skademeldingar frå Rogaland. Nabofylket Hordaland har fått vesentleg større skader. Verst har det gått utover skogen i Bergen, Fusa, Stord, Tysnes og Kvinnherad, melder Skogbrand.

Farleg arbeid

Det er naturlegvis viktig å berga mest mogleg av den skada skogen. Men opprydding i vindfelt skog er farleg arbeid. Dersom du ikkje har solid erfaring med skogsarbeid, bør du difor overlata oppryddinga til profesjonelle fagfolk.

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.